Bruken av ungdomsstraff dobla sidan i fjor

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 07.08.2018 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bruken av ungdomsstraff dobla sidan i fjor

Halvårstala frå konfliktrådet viser at fleire ungdommar mellom 15 og 18 år har blitt dømde til ungdomsstraff så langt i år enn på same tidspunkt i fjor.

Ungdomsstraff er den nest strengaste straffeforma ungdom kan få, etter alminneleg fengselssoning.

Les også: Kripos bekymra over auka nettovergrep

Dobbelt så mange unge lovbrytarar dømt til ungdomsstraff

1. juli i fjor hadde 14 unge lovbrytarar blitt dømde til ungdomsstraff, melder konfliktrådet. Hittil i år er 29 ungdommar idømde same reaksjon.

Også talet på ungdomar som er dømde til ungdomsoppfølging, ei endå mildare form for straff, aukar jamført med i fjor. Hittil i år ar 210 ungdomar blitt dømde til ungdomsoppfølging. På same tid i fjor var dette talet på 185 dømde.

– I eit førebyggjande perspektiv er det gledeleg at ungdomsstraffa vert nytta i aukande grad. Vi veit at ungdomsstraff verkar for mange slik at dei når målet om eit liv utan kriminalitet, seier Lise Sannerud, direktør i konfliktrådet.

Les også: Regjeringa med framlegg om hemnporno-lov

Markant auke i krenke- og mobbesaker

I alt er det hittil i år behandla 4.100 saker i dei 22 konfliktråda i landet. Det er registrert ein auke på 12 prosent av sivile saker. Det er registrert færre saker om nasking, skadeverk og truslar, men konfliktrådet melder om ein markant auke av krenkingar som mobbing, digital mobbing og seksuelt krenkande bilde eller tekst.

– Talet på valdssaker kan vise til ein liten nedgang, men er likevel den desidert største kategorien. Med 848 saker hittil i år, utgjer valdssaker ein firedel av alle sakene, skriv konfliktrådet i ei pressemelding.

FAKTA OM UNGDOMSSTRAFF:

  • For alvorlege lovbrot som elles ville ført til fengsel, kan ungdomar verte dømde til ungdomsstraff.
  • Straffa byggjer på tre element: Ungdomsstormøte, ungdomsplan og oppfylgjingsteam.
  • I ungdomsstormøtet møter ungdomen den som har vorte utsett for den kriminelle handlinga. Lovbrytaren får høyre konsekvensane av lovbrotet for den fornærma parten, og sjå skadeverknadene av kriminaliteten.
  • Ungdomsplanen vert sett opp i samarbeid med politi, kriminalomsorg, skule, familiekontor, barnevern og andre. Planen kan innehalde krav om frammøte på skulen, sinnemeistringskurs, ruskontroll eller andre tiltak.
  • Et oppfylgjingslag ser til ungdommen gjennom straffeperioden, som kan vare opp til tre år. Dersom krava i ungdomsplanen ikkje vert fylgde opp, kan ungdomen måtte gå i fengsel.
  • Dersom ein ung lovbrytar skal få ungdomsstraff, må ungdomen og verje samtykkje til det.
  • Ungdomsstraff krev ein stor eigeninnsats frå ungdomen. Den dømde må syne at han er viljug til å ta ansvar for å endre åtferd og livsførsle.
  • I dei fleste tilfella vert det gjort ei personundersøking for å vurdere om ungdomsstraff kan vere ein eigna metode.Kjelde: Konfliktrådet