Droppar ingeniørjobben for å inspirere unge realfagelevar
Dei to neste åra skal Signe Marit Hyrve (27) bruke ingeniørutdanninga si til å auke naturfag- og matematikklysta gjennom Teach First-programmet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Behovet for flinke folk som brenn for realfag og teknologi er naudsynt for å halde takta med utviklinga av ny teknologi. Teach First Norges misjon er å møte store utfordringar innan utdanning og realfag, ved å utvikle dyktige nyutdanna til effektive og inspirerande lærarar og leiarar.
Det var dette som inspirerte skjåkjenta til å velje bort ingeniørjobb for å kunne vera lærar i Oslo-skulen.
– Eg søkte på Teach First-programmet fordi eg har lyst til å jobbe med å formidle realfag på ein god og motiverande måte. Lærarrolla kjem forhåpentlegvis til å bli svært givande, men også krevjande. Eg trur eg kjem til å lære mykje dei to neste åra, både om pedagogikk, formidling, leiing, og om meg sjølv. Eg gler meg utruleg til å møte elevane eg skal undervise, og til å bli kjent med dei, seier Signe Marit.
Les også: Vidaregåandeelevar tok matematikk på universitetet – alle fekk toppkarakter
Intensiv opplæring
27-åringen er éin av i alt 13 kandidatar som kom gjennom nålauget i prestisjeprogrammet Teach First. I sommar har Signe Marit og dei andre kandidatane gjennomgått ei intensiv opplæring i England, med stønad frå Equinor Morgendagens Helter, og med tett oppfylging frå mentorar og rettleiarar.
– Sommaren har vore svært morosam og lærerik. Vi har jobba med utruleg flinke folk, som har vore svært motiverande. Det mest nyttige eg tek med meg er nok lærdommen om planlegging og gjennomføring av undervisninga, og kva element som bør vera med for at det skal bli ein god time. Det mest utfordrande blir nok overgangen frå sommarskulen til å faktisk setja det ut i praksis, seier Signe Marit Hyrve.
Les også: Færre vel realfag på vidaregåande
Viktig inspirasjon
Det er viktig å skape nysgjerrigheit for realfaga hjå unge tidleg, slik at dei blir inspirerte til å ta høgare utdanning innan realfag, og med det kan bidra til å løyse morgondagens utfordringar. Ein del av utdanningsdirektoratets strategi er også at fleire barn og unge skal prestere på eit høgare nivå i realfag. For å styrke interessa, kunnskapen og resultata, samarbeider Oslo kommune med Equinor om Teach First.
– Teach First-kandidatane har ein sterk indre glød for realfag og legg ned ein eineståande innsats i Oslo-skulen, slik at elevar på eit tidleg stadium føler dei kan meistre matematikk- og naturfag. Eg trur dei dyktige lærarane inspirerer og motiverer dei som kan bli framtidas ingeniørar, og det er difor Equinor støttar Teach First-programmet åttande år på rad, seier Cathrine Instebø, som er sponsorsjef for Equinor Morgendagens Helter.
Signe Marit Hyrve og dei andre Teach First-kandidatane har eit framifrå akademisk nivå, men også eit engasjement og ei læringsvilje for å bringe kunnskap og glede for realfag vidare til elevar i Oslo-skulen.
– Årets kull kan faget sitt og dei har vist ei enorm lærarvilje og eit stort engasjement. Vi har høge forventningar til at deltakarane vil overføre denne gleda til elevane dei skal møte ved skulestart, seier Ragnfrid Kiplesund Brandt, som er prosjektleiar for Teach First Norway i Utdanningsetaten.
Prosjektleiaren har fylgd kandidatane gjennom «Summer Institute», som er eit fem vekers intensivt opplæringskurs i England.
OM TEACH FIRST-PROGRAMMET:
- Teach First Norway (TFN) er eit 2-årig utviklingsprogram for nyutdanna leiartalent med master- eller doktorgrad innan realfaga
- Utdanningsetaten i Oslo kommune (UDE), Equinor Morgendagens Helter, og Universitetet i Oslo ved Institutt for Lærerutdanning og Skoleforskning (ILS) har samarbeidd om TFN sidan 2009
- I programmet rekrutterast framifrå kandidatar med master- eller doktorgrad innan realfaga til å jobbe fulltid som matematikk- og naturfagslærarar på utvalte utfordrande ungdoms- og videregående skular i Oslo
- Teach First Norway byggjer på eit suksesskonsept frå England, men er tilpassa norske forhold og utfordringar innan utdanning og realfag. Det fyrste kullet TFN-kandidatar starta i osloskulen i 2010. I alt har 127 kandidatar gjennomført eller er per nå i programmet
- Årets TNF-kull består av 13 kandidatar som er lærarar på ni ulike skular i Oslo