Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veronica Maggio om å vera usikker som popstjerne

– Når ein skriv om noko, så gir ein seg sjølv sjansen til å gå vidare. Det var litt det eg kjende på, etter dei fem albuma eg har laga: Eg ville skriva ned alt så eg ikkje gløymte det, men også kunna leggja det bak meg og gå vidare, seier Veronica Maggio.

Den populære svensk-italienske artisten feirar i år ti år som artist, og markerer jubileet med å gi ut si første bok: Allt är för bra nu. Der har ho samla alle låttekstane frå dei fem første platene sine, og oppsummerer artistkarrieren og livet til no.

Då ho presenterte boka på den store bokmessa i Gøteborg sist veke, fortalte Maggio at ho alltid har vore ein veldig privat person som ikkje har gitt av seg sjølv utanom i songtekstane sine. No lettar ho på sløret, men berre litt.

– Eg har ikkje sagt «her er mitt liv» og fortalt om alle forhold eg har hatt, til dømes. Nokon gonger har til dømes eit forhold og ein produsent vore same person, og då har eg fortalt om det, men det som ikkje har noko med musikken å gjera, har eg halde utanfor. Då har det kjentest som at eg har hatt litt kontroll, og det har gjort det mindre skummelt.

– Men det er alltid skummelt å fortelja om sånt. Eigentleg vil eg halda alt hemmeleg, det ligg i min natur, seier Maggio.

– Det er veldig meditativt å sitja og skriva på ein tekst i lenger tid. Det kjenst veldig fritt, seier Veronica Maggio, som ikkje utelukkar å følgja opp den litterære debuten med fleire bøker. Foto: Runar B. Mæland

Kritikk er god brensle

I 2007, same året som ho albumdebuterte, vann Veronica Maggio Grammis-prisen for Årets nykommar i Sverige. I 2009 gjekk «Måndagsbarn» til topps på VG-lista Topp 20, og i 2011 kom det bestseljande albumet Satan i gatan med singelen «Jag kommer». Også dei siste to platene hennar har blitt møtt med gode kritikkar.

Men trass i at ho har stått i rampelyset i ti år og hausta både heider, ære og popularitet, fortel Maggio at ho er ein person som er prega av mykje tvil. Då ho ein gong skulle skildra seg sjølv med tre ord, var «usikker» eitt av dei.

Under intervjuet på bokmessa fekk ho spørsmål om korleis det går i hop med å vera ei av Sveriges største popstjerner?

– Det går veldig bra i hop, for ut av den usikkerheita kjem det ei lyst til å endra ting og skapa noko betre. Ein forsøker å sjå til at det ein presterer er betre enn kva ein synest ein sjølv er. Det er eigentleg ein ganske usunn tanke, men eg trur at det i blant kan vera bra for skapinga, seier Maggio.

Artisten fortel også om korleis ho taklar det å stadig få tilbakemelding, også negativ kritikk.

– Eg les den dårlege kritikken, og så funderer eg kanskje litt for mykje på om det ligg noko i det, om det er noko det botnar i, om det er noko eg kan gjera betre for å visa at dei tar feil. Det går an å bruka det på ein positiv måte, som ei slags brensle.

– Det er ingen motsetnad mellom å vera usikker og å vera ein skapande person, seier Veronica Maggio i eit intervju om den nye boka si på bokmessa i Gøteborg.

– Det er ingen motsetnad mellom å vera usikker og å vera ein skapande person, seier Veronica Maggio i eit intervju om den nye boka si på bokmessa i Gøteborg. Foto: Runar B. Mæland

Augeblikket før

Maggio sjølv har vore sterkt involvert i alle delar av prosessen med den nye boka, frå å skriva til å velja ut bilete og design. Også tittelen, Allt är för bra nu, er det ho som har bestemt. Den spring ut av hennar personlege livskjensle.

– Eg trivst nesten alltid best i det augeblikket innan det beste har hendt, når eg har det beste framfor meg, når eg lengtar etter noko eller ventar på noko. Eg har lett for å få katastrofetankar, og tenkjer at «når dette er over, då er alt over», fortel Maggio, og held fram:

– «Augeblikket innan» er liksom mitt augeblikk. Eg likar det når ein strevar, eller når papiret er heilt tomt og ein tenkjer «kva skal eg gjera no?» Sjølve lukkeaugeblikket er litt skummelt; eg veit ikkje heilt kvifor, men eg har vanskeleg for å ta det inn.

Fakta: Veronica Maggio

  • Fullt namn: Veronica Sandra Karin Maggio
  • Fødd 15 mars 1981 i Uppsala, Sverige
  • Fem album: Bröd och Vatten, Och vinnaren är…, Satan i gatan, Handen i fickan fast jag bryr mig, Den första är alltid gratis
  • Kjende låtar: «Måndagsbarn», «Jag kommer», «Välkomen in», «Sergels torg», «Vi mot världen»
  • Allt är för bra nu er gitt ut på Max Ström forlag