– Håp er noko av det viktigaste me har

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då han var FNs høgkommisær for flyktningar, var det i Thorvald Stoltenberg si oppgåve å leia arbeidet med å ta vare på menneske som flykta frå krig og svolt i verda. Då han var fredsmeklar på Balkan, var det oppgåva hans å få folk til å slutta å drepa kvarandre. Som president i Norges Røde Kors hadde han ansvaret for organisasjonen sitt arbeid med å avdekkja, hindra og lindra naud både i Noreg og resten av verda.

Thorvald Stoltenberg har sett meir menneskapt elende enn dei fleste andre i Noreg.

I eit intervju med han i 2004 for avisa Sunnhordland spurde eg kva som får han til å framleis ha tru på menneska. Her er det han svara:

– Det er mykje gjennom erfaring. Kor eg har reist rundt i verda, har eg sett at folk aldri gjev opp håpet. Håpet er noko av det viktigaste me har.

– Korleis kan me bli betre som medmenneske?

– Først må eg seia at me like gjerne kan snakka om sammenneske. Medmenneske, eller omgrepet nesten vår, spelar opp til at det er almisser som skal til. Men almisser blir aldri nok. Etter mi meining er ikkje menneske snille nok til å leva fredeleg saman utan å vita at det er i eins eigen interesse å vera eit godt menneske, eller sammenneske. Det viktige er å sjå fellesinteressa. Det gjeld anten i ein familie, eit lokalsamfunn, ein nasjon eller det internasjonale samfunnet, seier Stoltenberg.

– I ein familie er det i alle si interesse å halda saman. Det er ingen i denne verda som ikkje treng å føla seg nær nokon. I lokalsamfunnet er det i alle si interesse å vera trygge for at ein kan få den fysiske og psykiske hjelpa ein treng. Og det er til dømes i Noreg si interesse at fattigdomen i det nordvestlege Russland ikkje blir verre. Kampen mot fattigdom er like viktig for oss sjølve og vår eigen tryggleik, som den er for dei som er fattige, understrekar Stoltenberg.

– Du har mykje erfaring frå utlandet. Kva kan me læra av andre land?

– Me kan læra mykje av arbeidet til andre land med å gjera folk gjensidig avhengige av kvarandre. Når konfliktar oppstår vil den gjensidige avhengigheita gjera at vald er utenkjeleg. Det gjer at dette arbeidet er eit sant fredsarbeid, påpeikar Stoltenberg, utan å bokstavera initialane EU.

– Men no snakkar du som ein tidlegare utanriksminister. Korleis gjeld dette i det nære, i til dømes familiane?

– Også i familien er det viktig å arbeida for kvarandre. Til dømes er likestilling viktig. Likestilling er noko som er i alle si interesse. Eg gjer det kan gjera heime, fordi eg likar ei blid kone. Og det same gjeld borna mine. Det er både i mi og familien si interesse at det går bra med borna.

Thorvald Stoltenberg

  • Norsk diplomat og politikar frå Arbeidarpartiet.
  • Utdanna jurist, og begynte i Utanriksdepartementet i 1958. Stoltenberg har gjort teneste blant anna i Jugoslavia og var sekretær for utanriksministeren frå 1965. Han har òg vore statssekretær i fleire arbeidarpartiregjeringar på 1970-talet.
  • Stoltenberg var forsvarsminister frå 1979 til 1981 og utanriksminister frå 1987 til 1989 og frå 1990 til 1993.
  • I 1990 var han ei kort tid FN sin høgkommissær for flyktningar. Han var norsk ambassadør i Danmark frå 1996 til 1999, og har vore president for Raudekrossen i Noreg sidan 1999.  Thorvald Stoltenberg og tidlegare statssekretær Karin Stoltenberg er foreldra til politikaren Jens Stoltenberg.