Gravide med epilepsi bør ta folsyretilskot

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gravide med epilepsi bør ta folsyretilskot

Det er tidlegare blitt påvist at tilskot av folsyre under svangerskapen er gunstig for språutviklinga til bornet. No har forskarar frå Universitetet i Bergen (UiB) funne at effekten er endå gunstigare hjå gravide med epilepsi.

Epilektikarar manglar ofte folsyre frå før av

Studien nyttar data fra Den norske mor og barn-undersøkinga, ei av dei største helseundersøkingane i verda, og blei publisert på nettet onsdag den 1. august i tidsskriftet Neurology.

– I studien vår har me funne at effekten av å ta folsyretilskot er endå gunstigare hjå gravide med epilepsi, for dei nyttar epilepsimedisinar i svangerskapen, forklarer stipendiat, lækjar og hovudforfattar Elisabeth Synnøve Nilsen Husebye i ei pressemelding.

Folsyre er viktig for at hjernen skal utvikla seg normalt, seier Elisabeth Husebye i eit intervju til Epilepsiforbundet. Foto: privat

Grunnen til at epileptikarar er særleg tente med å ta folsyretilskot, er at epilepsimedisinane kan påverka folsyrenivået i kroppen.

Desse medisinane treng dei for å hindra epilepsiåtak, som under svangerskapen kan vera skadelege både for mora og fosteret.

Ulempa med medisineringa er altså at folsyrenivået kan bli for lågt.

Folsyre er viktig for at hjernen skal utvikla seg normalt, seier Husebye i eit intervju til Epilepsiforbundet.

Lettent helse

– Me syner at noko så enkelt som tilskot av folsyrevitamin kan motverka forseinka språkutvikling hjå barnet, forårsaka av epilepsimedisinar, seier Husebye.

Forskarane fann at folsyretilskot er viktigast før frævinga og tidleg i svangerskapen.

– Forseinka språkutvikling kan ha store konsekvenser for sosialt liv, skulegong, utdanning og jobbsjansar for barnet, legg Husebye til.

Studien deira er den fyrste som syner at folsyretilskot tidleg i svangerskapet kan motvirka den skadelege effekten som epilepsimedisinane har på språkutviklinga.

Fakta om folsyre

  • Folsyre er ein type B-vitaminar.
  • Alle menneske treng folsyre for oppbygginga av nukleinsyrer (DNA m.m.) og dimed for celledeling og vokster.
  • Dette gjeld særleg for produksjon av raude og kvite blodceller i beinmergen.
  • Folsyre finst i grønnsaker, frukt (nøtter), gjær, lever, nyre, mjølk og fisk, men det blir øydelagt under oppvarming.

Kjelde: Store norske leksikon