Er vi blitt slavar av duppedittar, skjermbrett og smarttelefonar? Er Facebook blitt den nye kroneautomaten?

NPK-NTB-Veronica Karlsen
NPK-NTB-Veronica Karlsen
Faktaboks

Agnes Ravatn (fødd 1983)

• Forfattar og skribent i Dag og Tid og Dagbladet

• Kjem frå tettstaden Ølen i Vindafjord kommune, Rogaland

• Bokdebuterte i 2007 med romanen «Veke 53»

• Fekk Språkprisen for nynorsk  i 2011

• Fekk P2-lyttarane sin romanpris og Ungdommens kritikarpris for sin førre roman «Fugletribunalet» (2013)

• Aktuell med boka «Operasjon Sjølvdisiplin»

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

– Ja, seier forfattar Agnes Ravatn – som har drive med avvenjing frå teknologi og sosiale medium. Ho er aktuell med boka «Operasjon Sjølvdisiplin» som gjev oss verktøy til å stå opp mot freistingane i tida vi lever i.

LES OGSÅ: Ravatn raga høgast

Kreativitetskvelar
Ho fortel korleis det heile starta. Ein kveld tok ho seg eit stort glas raudvin, sletta Facebook-kontoen sin og følte på ei enorm lette.

– På den tida la eg meg med ein svart klump i magen kvar kveld, ulykkeleg over tida eg brukte på smarttelefonen, seier ho. Og legg til: – Eg fekk ikkje gjort noko av det eg planla. Eg svei av det meste av tida mi på distraksjonar og nettaviser.

Etter Facebook-lausrivinga skreiv ho 50 sider – på strak arm – på det som skulle bli suksessromanen «Fugletribunalet».

– At nettet er så lett tilgjengeleg blei rett og slett kvelande for kreativiteten. Eg trur dette gjeld fleire enn meg, og derfor skreiv eg «Operasjon Sjølvdisiplin».

LES OGSÅ: Kan ein dansa Agnes Ravatn?

– Gratis å puste
Ravatn har gjort meir enn å slette Facebook-kontoen. Ho har lese seg opp på temaet viljestyrke, sjølvkontroll og sjølvdisiplin. Sjølvhjelpsråda ho har kome fram til har ho kokt ned til ei lita bokblekke. Ho er lita og tynn med vilje, fortel Ravatn. I narsissistens gullalder ønskjer nemleg ikkje Ravatn å bidra til meir sjølvdyrking enn nødvendig.

– Sjølv er eg skeptisk til mykje av sjølvhjelpslitteraturen, eg opplever han som ekstremt sjølvopptatt. Og før du melder deg på Mindfulness-kurs, så hugs at det er no eigentleg gratis å puste, seier ho lakonisk.

Ravatn nektar likevel ikkje for at ho i grunnen vil det same som mange andre sjølvhjelparar: Hjelpe oss til å bli den beste utgåva av oss sjølve.

– Den setninga går tilbake til Aristoteles, som meinte nøkkelen til lykke ligg nettopp her. For meg har det handla om å finne harmoni og overskot i livet til å gjere det eg eigentleg vil, seier ho.

LES OGSÅ: Alvorsprat med morosam dame


– Ein kveld tok eg meg eit stort glas raudvin og sletta Facebook-kontoen min. Det har eg ikkje angra eit sekund på, seier Agnes Ravatn. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix /NPK

Dopaminets svikefulle natur
Men å komme dit er lettare sagt ein gjort, strekar ho under:

– Vi lever i ei tid der døgnopne kioskar og søte og feite freistingar er overalt. Nettet er berre eit tasttrykk unna og tilgjengeleg med nye «overraskingar» og underhaldning 24 timer i døgnet. Men der dopaminkicket var heilt avgjerande for urmennesket, så er altså vi i ein heilt annan situasjon.

Ravatn minner om at dopaminet har spelt menneskja det eine pusset etter det andre opp igjennom tidene. Frå å vere ein livreddande faktor som sørgde for å gi urmennesket matvet, har det i moderne tid fått folk til å spele bort huset sitt på kroneautomaten.

– Det er gjort målingar i hjernane til folk som viser at eit dopaminkick kan vere like sterkt som amfetaminrus. Ikkje noko å kimse av, altså.

LES OGSÅ: Sarkasmedronninga som målbind nettdronninga

Idiotien på fødestova
Ravatn synest folk ser ut som zombiar der dei går rundt på gata med nasen i smarttelefonen, livredde for å gå glipp av ei festleg twittermelding eller ei statusoppdatering.

– Det er vel berre eit tidsspørsmål før smarttelefonen blir eit implantat, seier forfattaren tørt. Og nektar for at ho hevar seg over alle andre.

– Eg er utan tvil ein som i utgangspunktet lett lar meg freiste og distrahere. Men desse verktøya eg har funnet fram til, dei verkar faktisk.

Ho understrekar: – Eg seier ikkje at alle treng denne boka. Men eg, som ville skrive – og samtidig var så lett å distrahere – måtte ta grep.

Ho spår at vi ein dag kjem til å døype denne tidsperioden til «idiotikken».

– Nyfødde ungar, fulle av tilknytingshormon, ligg og sleng i eit hjørne på fødeavdelinga. Foreldra? Nei, dei oppdaterer Facebook-statusane sine og svarar på mail. Kan vi kalle dette noe anna enn idiotisk?, spør forfattaren. (©NPK)

LES OGSÅ: Ravatn skal skriva bok om Økland

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE