Kvifor vert det måneformørking og kvifor vert månen raud?

Snorre Sandemose
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jordkloten og månen går i eit tospann saman i bane kring sola. Samstundes sirklar månen òg i bane kring jorda, og går rundt oss ein gong per fire veker.

Somme tider ser me han best på den nordlege halvkula, medan det somme tider er frå den sørlege halvkula han synest best.

Han passerer vanlegvis ikkje rett bak ekvator, som i kveld. I staden passerer han eit godt stykke over eller under jorda sin ekvator, slik at han heilt eller dels vert bada i sollys.

Men når det er total måneformørking ligg sola, kloten og månen på ei bein line der månen er rett bak kloten, sett frå sola. Månen vil difor ikkje kunne lyse opp natta vår slik han plar gjere, for jordkloten stoggar dei gule solstrålane frå å nå fram til han.

Likevel kjem månen til å sende eit svakt, raudt ljos mot jorda i kveld.

Les også: Når kan du sjå måneformørkinga i kveld?

Kvifor er månen raud under måneformørkingane?

Vanlegvis er delar av både dag- og nattsida til kloten synlege frå månen. Men i kveld er det berre nattsida til jordkloten som er synleg frå månen, ettersom månen og jorda vil liggje på ei rett line i høve til sola.

Sett frå månen vil jordskiva vere omkrinsa av det som liknar ein raud eldring, og det er dette raude lyset frå jorda vår som vil farge månen.

Den 28. september 2015 fekk mesteparten av Amerika, vestlege Europa og vestlege Afrika vere vitne til ei måneformørking om natta. Den raude ringen er atmosfæren til jorda, som vert opplyst av sollyset. Illustrasjon: Wikipedia/Tomruen

Vitskapsfolka Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard skriv i si pressemelding at «me kan seie at månens farge og lysstyrke under den totale formørkinga gjenspeglar alle jordas soloppgangar og solnedgangar!»

Sollyset som treff dagsida av jordskiva har meir vanskar med å nå fram til kantane av skiva, på grunn av den krumme vinkelen.

Her er det berre dei lengste lysbølgjene som når fram, på grunn av alle partiklane i atmosfæren vår som gjer motstand.

Desse lange lysbølgjene frå sola, som so vidt smett forbi kantane av den roterande jordskiva og inn til nattsida, er dei lysbølgjene som er meir raude på farge.

Det er akkurat her at dag møter natt og natt møter dag, ettersom jordskiva roterer kring sin eigen akse. Og det er difor me ser eit raudt ljos frå sola i soloppgangane og solnedgangane.

Denne raude ringen av sollys frå alle verdas soloppgangar og solnedgangar, sender so lyset vidare til månen.

Under solformørkinga får altso månen sendt til seg sollys som er fargebehandla av får atmosfære. Dei som er so heldige å få vere på kloten si nattside under formørkinga, vil få sjå månen sende denne vakre, raude fargen attende til oss.

Månen kan òg få litt andre fargar enn raud

Ettersom månen kjem til å stå lågt på himmelen gjeld det å ha fri sikt mot søraust, utan at bygningar, åsar eller vegetasjon stenger for utsynet mot månen.

Me er ikkje garanterte å få sjå månen raud. Under ei slik formørking kan han variere i fargetonar mot oransje eller burgund. Ettersom det er lyset i atmosfæren ved alle klotens soloppgangar og solnedgangar som vil farge månen, vil ein del andre omstende der kunne påverke fargen månen får.

Er det til dømes mange skyer i atmosfæren på desse plassane, vil det kunne vere med og påverke kva farge månen får. Det same vil omstende som skogbrannar, vulkanutbrott eller andre faktorar som kan gje støvskyer.