Solekultur i endring: Kreftforeininga forventar færre med hudkreft

Sidan 1920-talet har det vore tradisjon for å sole seg for å bli brun. No har nordmenn derimot byrja å ofre brunfargen til fordel for hudhelsa, noko Kreftforeininga trur vil vise seg gjennom nedgang i tilfella med hudkreft.

NPK – Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen, kan fortelje om gledelege resultat i årets solvaneundersøking – ei gransking som annakvart år blir utført på vegner av Kreftforeininga og Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA).

– Dei siste åra har undersøkinga vist at nordmenn blir betre og betre til å bruke solkrem, men vi har vore spente på om dei andre råda, som å ta pausar frå sola og beskytte seg ved å ta på klede, blir følgde. I år ser vi ein positiv trend også her, fortel Ross til Nynorsk pressekontor.

Solkrem stenger ikkje ute all UV-stråling frå sola, så i tillegg til å smørje deg oppmodar Kreftforeininga til andre grep som å hugse å oppsøkje skugge, avgrense tida ute i sola og beskytte deg med klede, hatt og briller.

IIngrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeininga. | Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken / NPK

– Ved at folk gjer dette, noko det no ser ut som at vi blir stadig flinkare til, har vi tru på at førekomsten av hudkreft på sikt vil gå ned, seier Ross.

Solvaneundersøkinga 2024 viste at dei aller fleste nordmenn er klar over samanhengen mellom soling og hudkreft. Berre to prosent svarer at dei aldri beskyttar seg mot sola. For ti år sidan svarte ti gonger så mange det same. Undersøkinga viser også at stadig færre nordmenn oppheld seg i sola for å bli brune.

Solråd

  1. Avgrens tida i sterk sol: Sola er sterkast om sommaren og i timane midt på dagen. Refleksjon frå vatn, sand og snø gjer solstrålane meir intense.
  2. Oppsøk skugge: Skuggen fjernar meir enn halvparten av solstrålinga.
  3. Bruk klede, noko på hovudet og solbriller: Kleda bør dekke mest mogleg hud. Ein hatt med brei brem beskyttar både ansikt, auge og nakke.
  4. Bruk rikeleg med solkrem – faktor 30 eller meir: Solkrem aleine gir ikkje nok vern, og bør brukast saman med – ikkje i staden for – skugge og klede. Ikkje forleng tida i sola sjølv om du har smurt deg. Smør før du går ut, gjenta kvar andre time og etter bading og sveitting. Bruk minst éi handfull for heile kroppen.
  5. Ikkje bruk solarium: Det er ingen trygg nedre grense for kor lenge du kan vere i solarium.
  6. Følg med på huda: Om du ser ein ny flekk eller ein gammal føflekk som enten endrar form eller farge, som blir asymmetrisk i kantane, som klør eller blør, så skal du oppsøkje lege.

Kjelde: Kreftforeningen.no og Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeininga.

Solariumsforbod

I tillegg til at hudkreftstatistikken kan bli endra som følgje at folk tek individuelle grep for å beskytte seg mot dei naturlege UV-strålane, er det også tiltak på samfunnsnivå som kan skape endringar i statistikken.

I solarium blir ein utsett for ekstreme mengder UV-stråling på kort tid og det er ofte vanskeleg å berekne så det er fort gjort å bli brent. Tusen tilfelle av melanom og annan hudkreft kjem årleg grunna solariumsbruk.

– Det som var veldig gledeleg å sjå i ungdomsundersøkinga var at mange unge er positive til regulering av solarium, fortel Ross i Kreftforeininga.

Seks av ti mellom 16 og 24 år meiner at solarium bør bli heilt forbode, kjem det nemleg fram i ungdomsundersøkinga gjennomført på vegner at Kreftforeininga.

Foreininga jobbar for strengare regulering av solarium generelt, men meiner at forbod bør diskuterast.

Andre tiltak som kan gjerast for å ta vare på hudhelsa er å skape meir skuggelagde uteområde i det offentlege rom.

– I kommunane er det viktig når ein planlegg nye skular, barnehagar eller andre offentlege område der folk skal vere mykje ute, at ein lagar plassar der ein kan trekke inn i skuggen om det er sterk sol. I Noreg er vi vande med at vi skal legge til rette for så mykje sol som mogleg, men dette bør endrast, seier Ingrid Stenstadvold Ross.

100 år gammal mote

Psykologiprofessor Dominic Sagoe ved Universitetet i Bergen fortel at fram til byrjinga av 1900-talet, i vestlege land, var solbrun hud assosiert med personar frå lågare sosioøkonomiske klasser på grunn av at dei ofte hadde utandørsarbeid som eksponerte dei for mykje sol. Men på 1920-talet fremja moteikon som Coco Chanel solbrun hud i media og det førte til ei kulturell omvelting der solbrun hud blei sett på som attraktivt og ønska.

Dominic Sagoe, professor ved Institutt for samfunnspsykologi og Human Enhancement and Body Image Lab, Universitetet i Bergen. | Foto: UiB

– Årsaka til at vi framleis har ein kultur for å sole oss kan forklarast med tre aspekt: Estetiske, fysiske og psykologiske effektar, fortel Sagoe.

Estetisk sett solar vi oss for å forbetre den fysiske utsjånaden vår på grunn av tanken om at solbrun hud er vakkert.

Fysiske årsaker kan handle om å handtere stress og forbetre søvnen (gjennom å auke melatoninnivået i kroppen), styrke immunforsvaret (gjennom å auke nivået av vitamin D i kroppen) og handtere hudtilstandar som akne, eksem og psoriasis.

Psykiske fordelar kan handle om at nordmenn solar seg for å auke den opplevde attraktiviteten, sjølvkjensla og sjølvtilliten, og dessutan for å forbetre humøret og lindre symptom på depresjon (ved å auke serotoninnivået).

– Trass i desse fordelane ved soling, kan det vere svært skadeleg om ein ikkje beskyttar seg. I vår noverande «kroppsbildealder» går folk til farlege ekstremitetar , inkludert overdriven soling og solariumsbruk, for å oppnå ein solbrun kropp, fortel Sagoe.

Men professoren peiker, til liks med Kreftforeininga, på at soling kan gjerast på ein trygg måte ved bruk av solkrem, bruk av skugge og bruk av beskyttande klede, i tillegg til å halde seg hydrert og kontakte lege dersom ein hudtilstand utviklar seg.

Tre positive ting med soling

For mykje UV-eksponering er helseskadeleg, men det finst fleire positive verknader ved forsvarleg soling.

  • UV-stråling er mykje brukt og med god verknad innan medisinsk behandling av ulike hudsjukdommar, som psoriasis og eksem.
  • UVB-stråling frå sola fører til at det blir produsert vitamin D i huda. Vitamin D er viktig for beinhelsa vår. Sola er den viktigaste kjelda til vitamin D for friske menneske som er normalt mykje utandørs. Det er viktig også å vere klar over at det skal mykje mindre UVB til å danne vitamin D enn det som skal til for å gjere ein solbrend. Vidare er det vist at normal bruk av solkrem ikkje påverkar nivået av vitamin D i stor grad. Aktsemd i sola og solvern er derfor mykje viktigare enn å tenkje på nivået av vitamin D, når sola er sterk. I vintermånadene i Noreg er det ikkje nok UVB-stråling frå sola til at det blir danna vitamin D i huda. Ein må då få vitaminet gjennom kosten eller som tilskot.
  • Det blir gjort ein god del forsking på andre moglege, positive helseeffektar av UV-stråling. Det finst mellom anna indikasjonar på at UVA-stråling kan gi ein kortvarig reduksjon av blodtrykket. Og nokre solar seg fordi dei opplever ein positiv effekt på humøret. Per i dag er det ikkje nok vitskapleg bevis som støttar desse effektane til at ein kan trekkje ein endeleg konklusjon.

Kjelde: Lill Tove Nilsen, fagdirektør i DSA

Framleis på hudkreftpallen

Trass positive tendensar i solvaneundersøkinga, aukar framleis mengda nordmenn som får hudkreft, med årlege tilfelle på omtrent 26.000.

Med desse tala er Noreg på pallen både når det gjeld førekomst og døying av hudkreft. Rundt 90 prosent av tilfella hudkreft skjer grunna UV-stråler frå sol og solarium.

Ganske umiddelbart kan soling føre til at ein blir solbrent. Soling kan i tillegg ha ein immundempande effekt og kroppen kan til dømes reagere med munnsår om ein har herpes. På sikt kan soling få kosmetiske følgjer som pigmentflekkar og rynker. Men meir alvorleg er det at soling kan føre til hudkreft.

Det fortel fagdirektør i DSA, Lill Tove Nilsen.

– Mange tenkjer at om ein ikkje blir brent, blir ikkje huda skadd. Men det blir ho faktisk. Og neste gong ein solar seg eller blir solbrent kan skaden bli forverra og til slutt resultere i kreft.

Det er rett nok ikkje for seint å beskytte seg dersom ein har sola seg mykje eller blitt solbrent mange gonger før. Ein kan framleis unngå å utløyse ein latent skade om ein beskyttar seg godt og avgrense tida i sola.

Lill Tove Nilsen, fagdirektør seksjon miljøovervaking, radon og UV i Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit. | Foto: DSA