Når kan du sjå måneformørkinga i kveld?

Kveldens måneformørking vert makelaus, med ein raud måne nært horisonten, akkompagnert av ein ekstra godt synleg Mars like under. Her til lands får me ikkje sjå ei like langvarig total måneformørking igjen før om 105 år.

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 29.07.2018 00:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kveld vert det snakk om ei kosmisk storoppleving. Ein raud, måneformørka måne vil liggje eit lite stykke over horisonten mot sør-aust. Under månen, endå nærare horisonten, vil me kunne sjå den raude planeten, Mars, lyse so sterkt mot oss som han nesten aldri elles gjer.

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes har på si nettside astroevents.no offentleggjort nokre tidspunkt for når me får sjå månen i kveld i ymse norske byar.

GLEDAR SEG: Knut Jørgen Røed Ødegaard og Anne Mette Sannes gledar seg til kvelden måneformørking, akkompagnert av ein ekstra kraftig framtoning av planeten Mars.

Månen vil vere totalt formørka i nesten ein time og tre kvarter, frå klokka 21.30 – 23.13, norsk tid. Klokka 22.21 norsk tid vil månen vere på sitt absolutt mørkaste.

Førre totale måneformørking her til lands skjedde i september 2015, og den neste vil inntreffe i januar til neste år. Men kveldens måneformørking vil verte den lengste me får sjå frå Noreg dette hundreåret.

Ikkje før om 105 år vil Noreg verte vitne til ei like total måneformørking, fortel Sannes og Ødegaard i ei pressemelding.

Månen vil stå opp i sør-aust.

Les også: Kvifor vert det måneformørking, og kvifor vert månen raud?

Nokre utvalde tidspunkt frå Ødegaard og Sannes

Oslo & Kristiansand: 21.49
Halden:                   21.41
Trysil:                     21.53
Lillehammer:           21.59
Bergen:                  22.14
Ålesund:                 22.28
Trondheim:             22.19
Bodø:                     22.51
Tromsø:                  23.24
Alta:                       23.17
Kirkenes:                22.43

Først klokka 01.28 i natt (til laurdag) norsk tid, vil formørkinga vere heilt over.

Frå Troms og nordover langs den norske vestkysten, og også på Svalbard, vil ingen få sjå månen medan han er totalt formørka, men også her vil ein få sjå månen medan han enno er dels formørka.

I austre Finnmark vil derimot månen akkurat karre seg over horisonten under den totale formørkinga, som i sørlege Noreg.

Månen kan få litt andre fargar enn raud

Ettersom månen kjem til å stå lågt på himmelen gjeld det å ha fri sikt mot søraust, utan at bygningar, åsar eller vegetasjon stenger for utsynet mot månen.

Me er ikkje garanterte å få sjå månen raud. Under ei slik formørking kan han variere i fargetonar mot oransje eller burgund. Ettersom det er lyset i atmosfæren ved alle klotens soloppgangar og solnedgangar som vil farge månen, vil ein del andre omstende der kunne påverke fargen månen får.

Er det til dømes mange skyer i atmosfæren på desse plassane, vil det kunne vere med og påverke kva farge månen får. Det same vil omstende som skogbrannar, vulkanutbrott eller andre faktorar som kan gje støvskyer.

Ein ekstra raud Mars vil i tillegg synest under månen

Den 31. juli kjem Mars til å stå nærare jordkloten og månen enn han har gjort på femten år. Han vil berre vere 57,6 millionar kilomter unna månen vår, opplyser Ødegaard og Sannes.

Mars står alt no mykje nærare kloten enn vanleg, og sett frå jorda lyser han dimed mykje sterkare enn han plar gjere. Det har han gjort også dei siste dagane, og folk har endåtil late seg villeie til å tru at dei har sett naudbluss.

I sørlege Noreg vil Mars vere å få auga på i ellevetida i kveld, mot slutten av den totale formørkinga. Den raude planeten vil dukke opp under den raude, formørka måneskiva, endå nærare den søraustlege horisonten vår. Mars vil vere synleg frå store delar av landet.

Som om ikkje dette var nok, vil også både Saturn og Jupiter vere moglege å sjå på sørhimmelen, fortel Ødegaard og Sannes. Også Saturn vil vere synleg nokså nært månen.