Reinforvaltarar fryktar for villreinen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Etter våre teljingar er det kring 130 vaksne bukkar i sone 2 i Nordfjella. Når Mattilsynet vil skyte ned minimum 107 bukkar, utgjer det mesteparten av storbukkane, seier ein fortvila Harald Skjerdal, sekretær i Nordfjella villreinutval, til NRK.

Nokre veker før villreinjakta startar, kjem villreinutvalet og Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd med ei bøn til Mattilsynet og Miljødirektoratet. Etatane blir bedne om å gå mindre drastisk til verks.

Les også: Vil at skandinavar skal få opp augo for viltskoding

Vil utslette nesten heile villreinstamma også i sone 2

Villreinstammen i sone 1 i Nordfjella blei skoten av statlege jegerar for å hindre at den frykta dyresjukdommen skrantesjuke skulle spreie seg til nye område. Sone 1 skal liggje brakk i fem år før området får ny villrein frå sone 2. Mattilsynet vil i år skyte 107 bukkar for å ta prøvar av dei. Målet er å vere 90 prosent sikre på at skrantesjuka er vekke.

– Vi må finne ut om dyra er friske. Om fem år, når vi skal flytte dyr over til sone 1, må vi vere 99 prosent sikre. Men det vi er usamde i, er at ein skal nå 90 prosents sikkerheit allereie i år. Det vil nærast rasere stammen, slik vi ser det, meiner Skjerdal.

Les også: Ti ting du ikkje visste om hjorten