Kvikk Lunsj får leve: Kit Kat tapte kampen om einevelde

Synne Grimen Hammervoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 2002 har sjokoladeprodusenten Nestlé kjempa for å ha einerett på sjokolade som er delt inn i fire avbrekkbare bitar.

Den andre store britiske sjokoladeprodusenten, Cadbury har kjempa like hardt i mot. Cadbury er eigd av Mondelez, som òg eig Freia.

Avvist klage

No har ein EU-domstol slått fast at Nestlé ikkje får ha patent på sjokoladen. Det kjem fram i ei pressemelding frå domstolen.

Du kan fortsetje å ta med deg denne på tur. Foto: Kaja Kaupang / Flickr / CC BY-NC 2.0

Kit Kat har vore i salg sidan 1935. Berre to år seinare kom Freia med Kvikk Lunsj, men det er først i nyare tid Nestlé har forsøkt å få registrert patent på sjokoladeformen.

Nestlé søkte først om varkemerket på formen i 2002 hjå EU sitt varemerkemynde EUIPO (European Union Intellectual Property Office), og fekk det godkjent i 2006. Sidan har beslutninga vorte anullert av ein EU-domstol, som fann at patenten var godkjent på feil grunnlag.

Det er Nestlé sin klage på denne siste beslutninga som no er ferdigbehandla, og beslutta avvist. Dette er fordi Nestlé manglar bevis på at sjokoladeformen er gjenkjent som Kit Kat i heile EU.

Les òg: No må du betale meir for godteri og brus

Kan søkje om att

Den britiske advokaten John Coldham, seier til BBC at det ikkje nødvendigvis er slutten på visa, og at Nestlé kan søkje igjen.

– Ingen seier at det er umogleg å få registrert patent på sjokoladen, men det trengs meir dokumentasjon på at formen er kjent som Kit Kat i alle delar av EU, fortel han.

Enn så lenge kan markedet difor fritt produsere sjokoladar i den fire-fingra formen.

– Om ein går utifrå at EUIPO ikkje har bevis på at sjokoladen er særeigen i heile EU, ville eg forventa at dei fjernar patenten frå registeret no, seier Coldham.

Les òg: Sjokoladekuler med tang og tare