Sjokoladekuler med tang og tare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No er det kome ei tangkokebok i norsk språkdrakt. Boka «Tang & tare. Et hav av mat» er skriven av den tyske kokken Claudia Seifert. Ho er blitt fascinert av alle smaksvariasjonane som finst i tang og tare, men er også opptatt av sunnheitsaspektet og den reinsande verknaden som grønsaker frå havet har.

Les også: Kva med litt nygrilla tarechips?

Mange sortar

Tang og tare er brunalgar og det veks drøssevis av dei i sjøen langs kysten vår. Dette er dei mest veksevillige plantar ein kjenner og gjenveksten er ofte rask.

Tare er nemninga på dei store tangartene som finst i ytre del av strandsona. Nokre av dei største algeartene er blant andre fingertare, stortare, sukkertare, draugtare og butare som alle er vanlege i Noreg. Tang finst frå tidevassbeltet og nedover så langt der er lys nok. Blant tangartane har vi havsalat, grisetang, blæretang, sagtang og knapptang.

Uutnytta matressurs

Det har ikkje vore tradisjon i Noreg å bruke algar til menneskeføde. Heller ikkje i dag er tang og tare mykje brukt i det norske kjøkenet. Gourmetkokkar brukar av og til tang som ingrediens, både av dekorative grunnar, men også fordi tang har med seg «den femte smaken», umami , som set ein ekstra spiss på maten.

I Europa brukar land som Frankrike, Irland og Skottland tang og tare i større grad, men det er først og fremst Asia som har algar i kosten dagleg.

Potensialet er dermed stort for å bruke tang og tare i matlaging her heime på berget. Desse grønsakene frå havet er rikhaldige på vitamin, mineral og protein.

Den tyske kokken Claudia Seifert har sett saman 68 enkle oppskrifter, alle med tang og tare som naturleg ingrediens. Her er både hovudrettar og smårettar, supper, salatar og dessertar. Tang og tare passar visstnok til både søt, syrleg og krydra mat.

Og brukt riktig kan tang løfte smaksopplevinga på heilt vanlege kvardagsrettar, skal vi tru Seifert.

Les også: Vil servera nordmenn insekt

Ta deg ein tur i fjæra

Dei fleste oppskriftene til Seifert er basert på tørka tang. Men kokken vonar ho kan inspirere deg til sjølv å gå i fjæra og plukke dei sjøgrønsakene du treng. Dei som bur eit stykke unna kysten, kan kjøpe sjøgrønsaker på internett eller i spesialbutikkar.

Ingen av tang- og taresortane langs kysten vår er giftige, men du bør hauste dei der sjøen er i rørsle, og eit stykke unna busetnad, båthamner og badeplassar. Sjøgrønsaker kan berre haustast om vinteren, våren og på forsommaren, før sjøtemperaturen blir for høg.

Grønsaker frå den blå åkeren kan serverast rå, kokte, bakte, grilla, tørka eller friterte, som salat, som smaksforsterkar eller som erstatning for salt. Steikte sjøgrønsaker blir sprø, medan ferske eller dampa har ein al dente-konsistens

Kokken har eksperimentert med klassiske oppskrifter for å gi dei ein ny vri. Oppskriftene er vegetariske eller basert på sjømat, men sjøgrønsaker passar også fint til kjøt.

Les også: Ein sjanse i havet

Næringsrikt

Tang og tare har stor næringsverdi og kan gi helsemessige gevinstar. Sjømatgrønsaker har få kaloriar og karbohydrat, og har lågt feittinnhald. Dei er gjerne rike på protein og inneheld ofte mineral som kalsium, magnesium og kalium. Mange sortar inneheld også aminosyrer, sporstoff og vitamin.

Claudia Seifert gir oss informasjon om dei ulike tang- og tareartane, hausting og konservering. Alle sortane som blir brukt i boka hennar finst langs norskekysten og er også tilgjengelege som tørka produkt.

Sukkertarebrød

(2 brød)

20 g frisk gjær

1/2 ss sukker

2 dl vatn

2 ss spisskummenfrø

400 g byggmjøl

350 g grov sammalen spelt

1,5 ss salt

20 g sukkertareflak

Bland gjær og sukker med fingervarmt vatn. La det stå og kvile i 10 minutt på ein varm stad. Rist spisskummenfrøa i ei steikjepanne og knus dei deretter i ein mortar. Bland byggmjøl, speltmjøl, salt og gjærblandinga til ein mjuk deig i ein bolle. Tilsett spisskummen og sukkertareflak. Elt det godt inn i deigen. Del deigen i to og form dei til brød. La kvile på ein lun stad i cirka ein time.

Steik brøda i 210 grader varm omn i 30 minutt. Under steikinga sprøyter du brøda fleire gonger med litt kaldt vatn for å få sprø skorpe.

Langkokte torskepakkar i butare

(4 personar)

15 g butare

3 ss olivenolje

1/2 liten grovhakka raudløk

100 g raud paprika i terningar

1 fedd knust kvitløk

2 g safran

1 ss mildt, røykt paprikapulver

700 g torskefilet

tangsalt med søl (raudalge) og pepar

10 g rista pistasjnøtter

3 tomatar i skiver

spirer

Legg butaren i blaut i vatn i minst ein time. Køyr 2 ss olivenolje, raudløk, paprika, kvitløk, safran og paprikapulver til ein jamn pasta i ein food processor. Del fisken i 4 porsjonar, krydre med sølsalt og pepar og gni filetane inn med krydderpastaen, dryss pistasjnøtter over og rull dei i kvar sitt blad av butare. Legg tomatskivene i eldfast form og legg fiskepakkane oppå. Tilsett resten av olivenolja, tangsalt med søl og pepar. Steik fisken i 155 grader varm steikomn i 30– 40 minutt. Server torsken med eller utan butaren. Dryss på spirer på toppen før servering.

Sjokoladekuler

(fire personar)

25 g kokossukker (eller brunt sukker)

3/4 dl kokosmjølk

75 g blanda nøtter

1 g sukkertareflak

75 g sjokolade

1 g flak av søl (raudalge)

Kok kokossukker og kokosmjølk til mjuk karamell. Tilsett nøtter og sukkertare og bland alt. Form massen til 15 kuler. Smelt sjokoladen og trekk kulene med sjokolade. Dryss litt sukkertare og søl på toppen.