No må du betale meir for sjokolade og brus
Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar reagerer skarpt på at budsjettavtalen på borgarleg side inneber milliardar i auka sukkeravgift.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er ein hån mot norsk mat- og drikkevareindustri, som har høge nok avgifter frå før, seier forbundsleiar Jan Egil Pedersen i LO-forbundet Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, til NTB.
Regjeringspartia, KrF og Venstre finansierer mange av satsingane i statsbudsjettet for neste år med å auke avgiftene på sjokolade, sukkervarer, brus og anna alkoholfri drikke, slik at alle desse varene blir dyrare.
I alt får statskassa inn nærmare 2 milliardar kroner gjennom dette grepet.
Pedersen er ikkje i tvil om at tiltaket vil føre til meir grensehandel og færre arbeidsplassar i Noreg.
- LES OGSÅ: Sukkerskatt i Frankrike
Også arbeidsgjevarsida reagerer på avgiftshoppet.
– Denne avgifta vil vere ei gåvepakke til grensehandel og aktørar som utnyttar moms- og avgiftsholet for å selje billig godteri til nordmenn frå utlandet, seier Ingvill Størksen, direktør for Virke daglegvare.
- LES OGSÅ: Utfordrar deg til å gå utan sukker