Dyrare kakaobønner kan påverke prisen på sjokolade

Prisen for eit tonn kakaobønner er no rekordhøg. Likevel går lite til kakaobonden.

NPK-NTB-DPA
Publisert

Prisen for eit tonn kakaobønner på råvarebørsen i London steig nyleg til rekordhøge 5.500 euro.

For eit år sidan var prisen 2.500 euro, og så seint som førre månad var prisen 4.000 euro for eit tonn med rå og uforedla bønner frå fruktene frå kakaotreet, som veks i tropisk og fuktig klima i Sør-Amerika og Afrika.

Bønnene, eller frøa, er råvare for både kakao og sjokolade.

– Ein kilo med kakao er tre euro dyrare enn for eit år sidan. Alle kan jo sjå for seg kva det betyr for produksjonen av ei 100-grams sjokoladeplate, som inneheld mellom 35 og 70 prosent kakao. Vi vurderer situasjonen fortløpande, seier ein talsperson for den berømte tyske sjokoladeprodusenten Ritter Sport.

Selskapet vil av konkurransegrunnar ikkje seie noko om prisauke, men i bransjeorganisasjonen for konfekt og sjokoladeprodukt er det stor uro.

Blir lagt på kunden

– Auka råvareprisar og høgare lønningar kan føre til auka kostnader, som normalt blir lagde på kunden, seier Solveig Schneider. Ho er viseadministrerande direktør i organisasjonen for tyske sjokoladeprodusentar.

Og i USA tenkjer produsentane i slike banar. Hershey, ein av dei største produsentane av sjokolade og søtsaker i verda, ser ikkje bort frå auka prisar.

– Gitt dagens råvareprisar må vi bruke alle reiskapane i verktøykassa for å styre det som skjer i næringa, inkludert prisane til forbrukarane, sa toppsjef Michele Buck under presentasjonen av årsrapporten til Hershey tidlegare i februar.

Utsegner som har komme frå den sveitsiske konkurrenten til Hershey, Nestlé, peikar i same retninga.

Klimaendringar også her

Hovudårsaka til at råvareprisane har stige så dramatisk i det siste, er at leveransane frå landa der kakaotreet veks, har vorte merkbart mindre.

Elfenbeinskysten og Ghana står for 60 prosent av produksjonen på verdsbasis og melder at klimaendringane har ein stor innverknad på produksjonen.

Det er stadig oftare ekstremvêr med lange tørkeperiodar, ekstrem nedbør og akutte flaumar. Dette har ført til dårlegare kvalitet på kakaobønnene og mindre avlingar.

I nokre år har heile innhaustinga vorte øydelagd av uføreseieleg vêr, ifølgje miljøorganisasjonen WWF.

Forlengde periodar med regn fører også til aukande utbreiing av plantesjukdommar som CSSVD. Dette er eit virus som blir spreidd av bladlus, og som kan føre til at det vesle, eviggrøne kakaotreet døyr. Ifølgje Kerstin Weber, som er miljøforskar i WWF, er 17 prosent av alle vekstområda i Ghana allereie ramma av dette viruset, som også rammar Elfenbeinskysten.

Tropisk klima

Kakaotreet veks i tropisk klima og kan plantast overalt i denne sona dersom det er regelmessige styrtregn og god jord. Arten trivst best under andre tre som kastar skugge. Det tek fire–fem år før treet ber frukt. Dei er rundt 500 gram tunge, og på rekke og rad i fruktmosen sit 20–50 kakaofrø/bønner.

Men kakaotreet er ikkje særleg motstandsdyktig, og den einaste effektive behandlinga mot CSSVD er å fjerne sjuke tre og plante nye, seier Weber. Og sidan kakaotreet blir planta på store område som monokultur, spreier smitten seg lett frå eitt tre til neste.

Ein annan faktor som også påverkar produksjonen av sjokolade sterkt, er den markante auken i prisen på sukker. I 2023 auka prisane med 72 prosent i EU, ifølgje den tyske bransjeorganisasjonen BDSI. Prisen på kakaosmør auka med 52 prosent, medan kakaopulverprisen steig med 43 prosent.

Auka forbruk

På plussida er det aukande etterspurnad etter sjokolade sjølv om innsatsprisane aukar, seier ein talsmann for den tyske matvarekjeda Rewe. Men han trur ikkje at auka forbruk åleine vil skjerpe prisane, slik det ofte gjer i ein økonomi som blir styrt av tilbod og etterspurnad.

Faktorar som påverkar prisane vel så mykje, er intens priskonkurranse, storleiken på løpande kontraktar, lagerbehaldning hos produsentane og det faktiske kakaoinnhaldet i kvart enkelt produkt. For å bli kalla sjokolade i Tyskland, må produktet innehalde minst 35 prosent kakao.

Det er også uklart om prisauke vil påverke forbruket. I ei fersk måling gjort av YouGov seier 51 prosent av dei spurde i Tyskland er inntaket av sjokolade vil halde seg, medan 37 prosent svarte at dei ville ete mindre. Tyskarane åt i gjennomsnitt 9,3 kilo kvar i 2023.

Folk bryr seg lite

– Produsentar og detaljistar veit at forbrukarane bryr seg mindre om prisen på luksusprodukt som god sjokolade. Derfor set dei også opp prisane, seier matekspert Armin Valet.

I tidlegare tider har prisen på sjokolade gradvis stige utan at råvareprisane har vore utløysande. Dei siste 20 åra har utsalsprisen på sjokolade tredobla seg, seier Valet.

Men svikten i leveransane av kakaoråvarer ser ikkje ut til å vere eit forbigåande fenomen. Ein studie frå WWF går ut på at produksjonen i Afrika kan falle endå meir på grunn av aukande mangel på dyrkbar mark som eignar seg til kakaotre.

For mange kakaobønder kan dette bety endå meir usikre tider, trass i auka prisar på verdsmarknaden.

I dag er det slik at berre 6 prosent av prisen på ei gjennomsnittleg sjokoladeplate går til kakaobonden.