Hamstring av Freia Boble etter tingrettsdom

Salet av Freia Boble har auka kraftig etter at produsenten vart pålagd å trekkje sjokoladen med dagens emballasje.

NPK-NTB
Publisert

Fredag fall dommen i Oslo tingrett i saka der Stratos-eigar Orkla hadde saksøkt Freia-eigar Mondelez for brot på marknadsføringslova og varemerkelova.

Tingretten forbyr Mondelez å marknadsføre og selje Freia-boblesjokolade med dagens emballasje. Dommen seier at alle Bobleplater må kallast tilbake frå butikk, samtidig som Mondelez må betale 20 millionar kroner i vederlag.

Mondelez har varsla at dei vil anke saka, og ventar derfor med å trekkje tilbake produktet til dommen er rettskraftig.

Likevel har mange prøvd å sikre seg Boble-sjokoladen før det er for seint.

– Vi auka salet vårt av Freia Boble med 82 prosent mot førre laurdag, seier kategori- og innkjøpsdirektør i Rema 1000, Julie Johansen, til TV 2.

Norgesgruppen, som eig mellom anna Kiwi, Spar, Meny og Joker, selde også mykje Boble sist veke.

– Boble er eit produkt som sel godt til vanleg, og i kjølvatnet av rettssaka mellom Mondelez og Orkla har den nok selt ekstra godt nokre stader og nokre butikkar har også vore utselde, skriv kommunikasjonssjef Kine Søyland i ein e-post til TV 2.