Forsøk med ny dyrkingsmetode gav gode resultat i tørken

Forskarar ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren ville teste ein spesiell måte å drive landbruk på. Innovasjonen ga fine avlingar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv NRK.
Metoden gjekk ut på å dekke med kompostjord, droppe pløying og fresing, for så å plante forskjellige artar tett. Metoden viste seg å gi gode resultat trass i tørt sommarvêr.

Tryggleik i mangfald

Dyrkingsmetoden blei testa ut på blomkål på ein gard på Klepp i Rogaland. Dei blei dyrka side ved side med andre vekstar. Resultatet var frisk og fin blomkål utan vatning.

– Eg blei skikkeleg sjokkert. Eg var mentalt førebudd på at alt var svidd vekk og visna. Skadegjerande organismar er ofte spesialiserte inn mot ein eller få vekstar. Når vi aukar mangfaldet og dyrkar mange vekstar saman, gjer vi det langt vanskelegare for desse skadegjerarane å øydeleggje planter. Dei kan angripe ein eller to planter, men dei andre får stå i fred, seier professor og rektor Dag Jørund Lønning ved HLB til NRK.

Han opplyser òg at jorda transporterer fukt meir effektivt slik at plantene ikkje treng vatn for å overleve.

Les også: Fleire vil ta landbruksutdanning