Fleire vil ta landbruksutdanning

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samordna opptak la onsdag fram tal for hovudopptaket ved høgare utdanning i 2017. I talmaterialet kjem det fram at 460 studentar har landbruksfag som første val.

Jon Georg Dale (Frp) er landbruks- og matminister. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Dette er gode tal. Det er tydeleg at ungdommen trur på ei framtid i landbruket. Konkurranse om studieplassane gir godt motiverte studentar, og det vil gi studiane meir prestisje. Det bør føre til gode resultat, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei nyheitssak på nettsida til Landbruks- og matdepartementet.

Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har det vore ein auke på til saman 21 prosent i talet på fyrstevalssøkjarar til landbruksfaga, der husdyrvitskap aleine har ein auke på 60 prosent.

Ved Nord Universitet er det ein auke på til saman 18 prosent i talet på fyrstevalsøkjarar. Ved Høgskolen i Innlandet har talet auka med om lag fem prosent. Ved Høgskolen i Innlandet kjem i tillegg eit årsstudie i økologiske landbruk som er lagt opp som eit samlings- og nettbasert studie på deltid. Det har òg vore høge søkjartal til dette studiet.

– Eg er glad for interessa for landbruksfaga i høgare utdanning aukar. Dette stemmer også med den positive utviklinga vi har sett i den vidaregåande skulen. Vi treng utdanning på alle nivå innan landbrukssektoren for å møte dei utfordringane vi står overfor og nytte dei moglegheitene som ligg i landbrukssektoren, seier landbruks- og matminister Dale.