Dubie Toa-Kwapong
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Danez Smith utfordrar: – Dikt har radikalisert meg

I 1970 kom Det nye amerikanske huset, der Paal-Helge Haugen gjendikta 26 amerikanske poetar frå 1960-talet.

I år presenterer Samlaget ein ny antologi med dikt av åtte unge samtidspoetar; Monica McClure, Danez Smith, Corina Copp, Brandon Brown, Paul Legault, Ocean Vuong, Sara Mintz og Kate Colby. Dei har vakse opp i tida etter 11. september 2001, opplevd Obama-epoken og lever i dag i Trump-alderen.

Vil «date» heile landet

Danez Smith vart fødd i St. Paul, Minnesota og bur i dag i tvillingbyen Minneapolis. Minnesota er truleg delstaten i USA med flest norskamerikanarar.

Smith fortel at hen har mange venner med norske røter som har vendt «heim» til Noreg på studieutveksling og forelska seg i landet. Det var Smith sitt fyrste besøk til Noreg. Kvelden før hadde hen lese dikta sine i Trondheim.

Hen var blitt så forelska i Noreg at hen ynskja, i eigne ord «å date landet».

Minneapolis er heimbyen til Danez Smith. Foto: Doug Kerr, CC BY-SA 2.0-lisens

Viktig forfattarby

Når vi tenkjer på viktig geografi innanfor amerikansk litteratur, er det som regel New York og Los Angeles som kjem opp. Det er sjeldan vi tenkjer på Midtvesten. I tillegg til forlagssentralen New York, er Minneapolis ein av dei viktigaste litteraturbyane i USA.

Det bør ikkje vere overraskande at Minnesota har produsert klassiske litterære figurar som F. Scott Fitzgerald og Bob Dylan, som vann Nobelprisen i litteratur i 2016. Forfattarmiljøet i delstaten vert stadig meir robust. Fleire forlag, inkludert Coffee House Press, Graywolf Press og Milkweed Editions, har kontora sine i Minneapolis.

I dag er det fleire som vel å leve ut forfattardraumane sine der. Moderne forfattartalent som Marlon James (vinnar av Bookerprisen i 2015), Lesley Nneka Arimah, og Kao Kalia Yang er blant dei som lever og skriv i Tvillingbyane.

– Hadde aldri venta det skulle skje så fort

Tilkoplinga til Tvillingbyane betyr mykje for Smith. Hen kjende seg ekstra heldig då hen fekk publisert boka Don’t Call Us Dead, som vann National Book Award i 2017, med det anerkjende Minneapolis-forlaget Graywolf Press.

– Eg hadde store håp om å få publisert ei bok med Graywolf før eg døyr, men hadde aldri venta at det skulle skje så fort. Det gir kjensla av at arbeidet betyr noko. At du gjer noko for byen din, kulturen din og folket ditt.

Det gir kjensla av at arbeidet betyr noko. At du gjer noko for byen din, kulturen din og folket ditt.

Politivold og HIV

I Don’t Call Us Dead skriv Smith hovudsakleg om politivald mot svarte menneske og prosessen av å akseptere HIV-diagnosen hans.

– Guten i boka er døyande, eller trur at han held på å døy. Han tenkjer på sin kompliserte dødelegheit, ikkje på moglegheita av eit vakkert, langt liv. Eg er framleis sinna over politivald i USA. Dei dikta betyr framleis mykje for meg. Men eg får lyst til å gi den versjonen av meg ein klem og fortelje han at det kjem til å gå bra, at han kan skrive dikt om andre ting.

Den prislønna boka tek føre seg sjukdom, vald og død, men òg familie, kjærleik, begjær og det å finne snev med humor i mørke situasjonar.

– Eg tenkjer alltid på den augneblinken der du byrjar å le under ei gravferd. Sjølv midt i djup sorg, finst det framleis glede og ømheit, fortel Smith.

– Det er eit anker, ei livslinje som tillèt meg å grave djupare. Fordi eg veit eg kan finne vegen tilbake til håpet, til ei livskjelde. Å finne ein balanse mellom det som utmattar oss som menneske, og det som livnærar oss.

– Eg tenkjer alltid på den augneblinken der du byrjar å le under ei gravferd. Sjølv midt i djup sorg, finst det framleis glede og ømheit

Dikt må leve – både i lufta og på arket

Smith vart fyrst kjend som ein slampoet, men har òg ein bakgrunn i tradisjonell poesi. På universitetet fekk Smith mentorar som hjelpte hen å forstå at dikt må leve både i lufta og på arket.

– Eg prøver å byggje dikta mine slik at dei ikkje treng meg, at ikkje kroppen min er eit nødvendig instrument. Eg håpar dikta som eg les opp er like sterke når eg ikkje er til stades. Og når kroppen min er til stades og eg les fram eit dikt, vil eg gjerne at folk skal kjenne at det er verdt det å gjere noko så tullete og fint som å møte opp for å høyre på poesi. Det er dei to store håpa eg har for dikta mine – at dei har makta til å inspirere og at dei får leve to liv.

No får dikta til Smith endå eit liv, på nynorsk.

Grunnleggjande politisk

Smith sine dikt har sterke røter i samtida og i historia som har ført oss hit. Hen skriv for å forme ei verd som er meir rettferdig og anerkjenner menneskelegdomen til fleire.

– Arbeidet mitt er grunnleggjande politisk i natur. Men eg meiner at alle vala vi tek som artistar er politiske. Det å vere ein poet er politisk, uavhengig av det du skriv om. Eg er bevisst på å inkludere politikk i arbeidet mitt fordi eg ynskjer at dikta skal vere både produkt av verda dei lever i, og verda eg drøymer om. Dikt har radikalisert meg. Eg har lese dikt som har gjort meg til ein betre borgar, nabo, venn og eit betre menneske. Eg ynskjer å gjere det same for andre.

Dikt har radikalisert meg. Eg har lese dikt som har gjort meg til ein betre borgar, nabo, venn og eit betre menneske. Eg ynskjer å gjere det same for andre.

Resultatet er ei gjennomtenkt blanding av kritisk samfunnsanalyse, personleg gjenforteljing og fantasi. Medan hen meiner at det er viktig for poetar å bruke plattformene dei har til å engasjere seg politisk, forventar ikkje Smith at kollegaene hens skal fikse alle samfunnsproblem.

– Vi har alle retten til å skrive om blomar og ekorn om vi vil. Men til og med det er politisk. Eg håpar ein av dei komande amerikanske antologiane vil inkludere arbeidet til Ross Gay. Han skriv så vakkert og politisk om blomar og hagar at ein får lyst til å stemme han inn som president. Han har flotte idear om det å vere eit menneske.

Kristin Fridtun står for den norske gjendiktinga av dikta til Danez Smith. Foto: Beate Haugtrø

Svært nøgd med gjendiktinga

Å få dikta sine omset på norsk kom som ei stor overrasking for Smith. Sjølv om hen ikkje forstår norsk, er hen svært nøgd med gjendiktingsarbeidet til Kristin Fridtun. Fridtun har mastergrad i norrøn filologi og har blant anna skrive bøkene Nynorsk for dumskallar (2013) og Kjønn (2015), og er sjølv aktuell med boka Homoflokar i desse dagar.

I omsetjinga blandar Fridtun tradisjonell og moderne ordval for å skape ein folkediktskvalitet, samstundes som hen lukkast i å formidle Smith sin unike lyrisk stil på norsk.

– Eg er glad for at dei ikkje berre har valt dikt om svart død og politivald. Det er det folk vanlegvis fokuserer på når dei tek føre seg arbeidet mitt. Det er det som er ‘sexy’, særleg for ikkje-svarte publikum. Eg vart glad då eg bladde om og kunne sjå at det fyrste diktet handlar om at eg gir oralsex. Utvalet i antologien feirar heilheita av det eg skriv.

Eg vart glad då eg bladde om og kunne sjå at det fyrste diktet handlar om at eg gir oralsex.

Utfordrar

Diktantologien til Samlaget i 1970 utfordra idear om poesi. Samlinga inkluderte blant anna svarte poetar som omdefinerte folkepoesi og eksperimentelle kunstartar som arbeidet til komponisten John Cage.

– Det var ikkje slik ein tenkte på poesi eller skreiv i Noreg på den tid, forklarte Paal-Helge Haugen under lanseringa av den nye samlinga.

Før dette var gjendiktinga av amerikansk poesi vanlegvis av det akademiske slaget. Samlaget ville presentere poesiformar som ikkje likna det vi hadde i Noreg, og i Europa på den tid. Med dette ynskte dei å vise at det er uendeleg moglegheiter for å bruke språk til å påverke kulturen og samfunnet ein lever i.

– Det høyrest kanskje litt rart ut, men for meg er dikt litt som bruene i Trondheim.

Danez Smith besøkte både Trondheim og Oslo då han var med på lanseringa av diktantologien på Samlaget. Foto: Dubie Toa-Kwapong

Det perfekte verkemiddelet

Smith sin lyriske metodikk er basert på å oppnå universalitet gjennom spesifisitet. For hen representerer omsetjingsprosessen eit ideelt tverrkulturelt samarbeid.

– Poesi er det perfekte verkemiddelet for å forstå menneskelegdom. Dei fleste dikt er kortfatta. Om du kan få nokon til å føle noko gjennom så få ord, har du lukkast, forklarar Smith med eit glimt i auget.

– Det høyrest kanskje litt rart ut, men for meg er dikt litt som bruene i Trondheim. Det tar berre eit par minutt å gå over dei. Men dei er vakre og gjennomtenkte. Det er det eg prøver å oppnå gjennom poesi – å bygge korte, vakre bruer mellom menneske.

Ved å skrive frå eigen posisjon som ein skeiv, HIV-positiv, afro-amerikansk person som har vakse opp i Minnesota, håpar Smith å inspirere andre poetar til å gjere det same.

Kva ynskjer Smith at det norske publikum skal ta med seg når dei les antologien? Hen håpar folk likar dikta. Hen håpar òg at det norske publikum ikkje tek avstand frå dei tyngre temaa, men reflekterer på korleis desse viser seg i vårt samfunn.

Kulturtips frå Danez Smith

Kunst: Eg har hatt den store æra av å ha kunstverka til to av mine favorittartistar på bøkene mine. Artisten Shikeith sitt arbeid ser du på omslaget til Don’t Call Us Dead. På omslaget til den fyrste boka mi [insert] boy ser du eit kunstverk (til venstre) av Jonathan L. Chase. Begge er utruleg talentfulle.

Kimbra. Foto: Stuart Sevastos, CC-BY-2.0-lisens

Musikk: Det er to album eg har høyrt mykje på i år. Det fyrste er det nye albumet til Kimbra. Eg er utruleg glad i musikken hennar. Trommene på albumet er fantastiske. Songstemma hennar er rar og vedunderleg.

Det er òg ein rappar frå Chicago som heiter Saba. Han har gitt ut ei plate som heitar Care For Me. Albumet er utruleg vakkert, eg kjem ikkje over det. Eg meiner det er årets beste rap-album, så langt. Eg er veldig spent på å fylgje med på karrieren hans.

Poesi: Poeten Franny Choi som eg har leier podcasten VS saman med. Ho er feilfri i mine auge. Ho skriv dei beste dikta i verda. Og Angel Nafis. Ho er ei svart kvinne frå Statane. Arbeidet hennar er banebrytande og eg trur ho kjem til å endre verda. Eg gler meg til begge dikta deira når det norske publikumet.