Fleire ungdomsfiskarar
I år deltar heile 228 ungdommar i ungdomsfiskeordninga, etter fleire år med nedgåande deltaking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje tal frå dei fem regionkontora til Fiskeridirektoratet er det denne sommaren 228 registrerte ungdomsfiskarar mot 64 i fjor.
Les òg: Ein tredel av fiskefangstane i verda vert kasta
Inngang til fiskaryrket
– Sjømatnæringa er ei viktig framtidsnæring for Noreg. Eg har oppfordra alle ungdommar som er nysgjerrige på fiskaryrket om å ta sommarjobb som fiskar og eg er glad for at over 200 ungdommar har tatt utfordringa, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding.
Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Målet med ordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket.
Les òg: Fiskefolkefest i Nord