Fiskefolkefest i nord

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den første konkurransedagen er det Lofotcup, medan sjølve VM skjer på dag to.

VM i skreifiske er sagt å vere det største arrangementet i Nord-Norge på vinteren. Det byrja for første gong i 1991 og sidan har konkurransen vore årviss i mars og går over to dagar. Det er Vågan båt- og sjøfiskeforening som står bak den etter kvart så tradisjonsrike tevlinga.

Det første året var det 220 påmelde til konkurransen, men sidan har deltakartalet vore oppe i 660 på det meste. No har arrangøren vedteke å avgrense talet på deltakarar til maks 600 personar på grunn av manglande båtplassar og overnattingskapasitet.

Amatør og proff i ulike klassar

Båtforeininga leiger inn om lag 80 båtar frå Brønnøysund i sør til Tromsø i nord til arrangementet. Desse skal frakte deltakarane ut på fiskefeltet eit stykke ut frå hamna i Svolvær.

VM i skreifiske er for både amatørar og profesjonelle havfiskarar. Dei fleste deltakarane er hobbyfiskarar og turistfiskarar frå heile verda. I tillegg deltar det om lag 50–60 profesjonelle havfiskarar. Av alle deltakarane brukar det å vere med om lag 30 prosent damer og 70 prosent herrar, opplyser arrangøren på nettsidene sine.

Cup og VM

Den første dagen er det Lofotcup. Då vert det konkurrert i størst totalfangst (uansett fiskeslag) for medlemmer av havfiskeklubb, størst totalfangst (uansett fiskeslag) for deltakarar av turistklasse og største fisk (uansett art).

Den andre konkurransedagen er det duka for sjølvaste verdsmeisterskapen i skreifiske. Då skal det kårast vinnar av største totalfangst for medlemmer av havfiskeklubb, størst totalfangst for deltakarar av turistklasse og kven som får den største skrei-ruggen.

Det er også ein premie til den båten som har størst gjennomsnittleg fangst per person under VM på laurdagen.

Folkeliv i hamna

Men det er ikkje berre på fiskefeltet det er stor aktivitet denne marshelga. I kjølvatnet av tevlinga er det folksamt i lofotbyen og mykje sosialt samvær både på pubar, kafear og restaurantar. Berekningar anslår at mellom 5- og 6.000 personar kjem til Svolvær dei to dagane arrangementet går føre seg.