– Dei store partia tek dyrevelferd lite seriøst

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Set foten ned for dyreplageri

Halvard Surlien i Grønn Ungdom er ikkje nøgd med dei største partia sin politikk på dyrevelferd, dei vil ha saka øvst på den politiske dagsordenen.

– Det er synd at dei største partia tek dyrevelferd så lite seriøst i programma sine. Dyrevelferda vert ikkje betre av at me snakkar om det, me må faktisk òg sette det øvst på dagsorden politisk, seier Surlien, talsperson i Grøn Ungdom, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Ku-trim til 250 millionar kroner

Senterpartiet taper
Valkamp er sesong for at interesseorganisasjonar evalurerer sine hjartesaker i partiprogramma. Førre veke trilla Dyrevernalliansen terning på partia sin politikk på dyrevelferd. Her fekk Høgre og Senterpartiet karakter ein, KrF fekk ein to-ar og Frp fekk tre. Best ut kjem Miljøpartiet Dei Grøne med seks minus, tett fulgt av Venstre med 5 pluss.

Òg dyrevernorganisasjonen NOAH har sett på korleis folk kan stemme dyrevenleg. Deira skala strekkjer seg frå ein til ti, der Miljøpartiet dei Grøne får ni, og Senterpartiet får null.

NOAH kallar dyrevelferdspolitikken til bøndenes parti for akterutsegla på alle område. Dyrevernalliansen kritiserer partiet for å berre ha ei generell formulering om emnet.

LES OGSÅ: – Forbrukarane nyttar ikkje makta si

–Snevre og useriøse
Senterpartiets Erling Sande var svært kritisk til kåringa der dei fekk jumboplassen. Han kalla undersøkingane snevre og useriøse, til NRK.no.

– Er det nokon som er akterutsegla så er det dei som freistar å få dyrevelferd til å handle om kvalfangst og sirkuselefantar. Dyrevelferd handlar om mykje meir, sa Sande til NRK, og meiner at Sp har stått på for dyrevelferd i landbruk og for kjæledyr.

Både Høgre og Arbeidarpartiet meinte dei burde ha fått betre karakter. Ap peika mellom anna på at dei har innført Dyrevelferdslova.

I kåringa har partia fått karakter ut ifrå synet på mellom anna dyrevelferd i landbruket, dyrepoliti, slakt og transport, dyreforsøk, pelsdyrnæring, sel- og kvalfangst, fiskeoppdrett, dyr på sirkus og rovdyrpolitikken.

At dei største partia kjem så dårleg ut i kåringane til interesseorganisasjonane tykkjer Surlien er oppsiktsvekkjande. Han meiner at dyrevelferd vert viktig for stadig fleire, og peikar på at spørsmål om dyrevelferd på Stortinget har auka det siste tiåret.

LES OGSÅ: – Me er pelsyrbøndenes beste ven

Skuldar politikarane
Surlien meiner pelsdyroppdrett og kyllingproduksjon er eksempel på systematisk dyreplageri, som politikarane ikkje vågar å gjere noko med.

– Alle skjønner at det er uetisk å stenge ville dyr inne i bur for å produsere luksusprodukt. Me skjønar òg at det ikkje er greitt med kylling som fôrast opp på importert kraftfôr, proppast fulle av antibiotika og veks så fort at beina knekk under vekta av dei, uttalar Surlien, og understrekar at ein ikkje kan skulda bøndene, men politikarane for dette.

– Bonden ønsker openbart den beste velferda for dyra sine, men det er vanskeleg i dagens system. Me vil difor støtte bønder som ønsker å drive økologisk og meir dyrevenleg, seier Surlien, som trekk fram at alle dyr bør ha rett til å vere ute.