– Dyrepoliti førebyggjer mishandling av menneske

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjokkert over vald mot dyr


Framstegspartiet gjekk til val på å få eit eige dyrepoliti i Noreg. Eit halvt år etter at partiet fekk hand om departementa for landbruk og justis byrjar ungdomspartiet å bli utolmodige.

– Sverige har innført ein modell for dyrepoliti som har fungert over all forventning. Det er på tide at vi òg tek dyrevelferd på alvor i Noreg, og sjølvsagt utan at dette skal gå ut over det ordinære politiet, seier sentralstyremedlem i FpU, Sara Berge Økland, til Framtida.no.

Sjokkert over vald mot dyr
Erfaringar frå Sverige viser at 70 prosent av tilfella der kvinner vert mishandla, skjer det same med dyra. Personar som mishandlar dyr har ein klart høgare risiko for å utøva vald mot menneske fordi at dei ved dyremishandling har kryssa ei grense for empati. Politi med røynsle frå valdssaker mot menneske vert sjokkert over det dei ser av vald mot dyr.

– Dyrepoliti med politimyndet frå dag éin og auka løyvingar til etterforsking vil dermed kunne førebyggja og avdekkja mishandling av menneske, seier Økland.

LES OGSÅ:– Regjeringa må oppretta eit eige dyrepoliti

– Sviktar
Det er i dag Mattilsynet som har ansvar for dyrevelferd i Noreg.

– Dessverre ser me gong på gang at Mattilsynet sviktar, og at grov dyremishandling blir prioritert for lågt. FpU ynskjer difor ei eiga politieining med politimynde og tilstrekkeleg etterforskingskompetanse.

Ansvarleg statsråd for Mattilsynet er landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp). Framtida.no har spurt etter kommentar frå henne eller andre i politisk leiing, men ingen ønskjer å kommentera saka før landsmøtet.

Framtegspartiets Ungdom oppmodar landbruksministeren og partikollega og justisminister Anders Anundsen til å prioritera utgreiing av eit dyrepoliti.

LES OGSÅ: – Me er pelsdyrbøndenes beste ven

Auka ikkje straffane likevel
I 2001 blei straffene for dyremishandling tredobla. Likevel viser ein gjennomgang frå Dyrevernalliansen at straffene nærast ikkje har auka i praksis.

– Mykje av det same problemet ser me i overgrepssaker mot menneske, domstolane legg seg nærast konsekvent i den lågaste halvdelen av strafferamma. Dette er rett og slett ikkje haldbart. Det trengst politimynde og straff når dyr vert sett fyr på, hengt eller pint til døden av knivstikking. Samfunnet må senda eit sterkt signal om at overgrep ikkje blir akseptert, korkje mot dyr eller menneske, seier Sara Berge Økland I Framstegspartiets Ungdom.

LES OGSÅ:– Forbrukarane nyttar ikkje makta si