Helsedirektoratet slår alarm om antibiotika-resistent gonorésmitte

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helsedirektoratet slår gonoréalarm

– Sommaren er ei tid for kjærleik, og det er viktig å hugsa på at det har vore ein auke i seksuelt overførbare sjukdommar som klamydia og gonoré. Gonoré er i mange tilfelle antibiotikaresistent, seier direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet til NTB.

Så langt i år er det registrert 663 gonoré-diagnosar, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Oversikta til instituttet viser at talet på registrerte tilfelle i fjor var 1.399, ein auke på 28 prosent samanlikna med 2016. Auken var størst blant menn som har sex med menn, der talet på tilfelle av gonoré i fjor auka med 50 prosent samanlikna med året før.

Les også: Gonoré og syfilis aukar framleis i Noreg

Ber folk bruka kondom

Helsedirektoratet fryktar at utviklinga held fram i sommar.

– Spreiinga kjem i ein periode med mindre bruk av kondom og ganske omfattande reisevanar. Mange blir smitta i Asia, Afrika og Sør-Europa, seier Guldvog.

Han strekar under at gonoré kan føra til alvorlege infeksjonar, ubehag og sterilitet.

– Den tryggaste måten å sikra seg på er å bruka kondom. Det er eit råd vi har gått tungt ut med, særleg i retning ungdom, seier Guldvog.

Les også: Han gav menneskeætta herpes

Urovekkjande spreiing

I mars uttrykte også seniorrådgjevar Øivind Nilsen i FHI stor bekymring i samband med gonoréspreiinga.

– Gonoré er ein av dei mikrobane vi kjenner med størst potensial for antibiotikaresistens. Mens vi tidlegare kunne bruka vanleg penicillin er vi i dag der at behandlinga må gjerast intravenøs, og vi har berre éin type antibiotika som er effektiv. Vi ser aukande tilfelle i Noreg og verda av resistens mot medisinen vi bruker no, seier Nilsen.

– Kombinert med at sjukdommen blir oppfatta som lett å behandla og ikkje veldig alvorleg, er dette urovekkjande, la Nilsen til.

Les også: Fem ting du ikkje visste om penis