Færre brukar Facebook og Snapchat dagleg

Den daglege bruken av Facebook og Snapchat blant nordmenn går ned. Samtidig aukar den daglege bruken av Instagram.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre brukar Facebook og Snapchat dagleg

Sosiale medium er framleis svært populære blant nordmenn. I andre kvartal i år hadde 83 prosent av befolkninga over 18 år profil på Facebook, 63 prosent hadde profil på Snapchat og 54 prosent hadde profil på Instagram.

Det viser ei undersøkjing frå Ipsos.

Les også: Instagram vil ha slutt på sjølvportrett attmed dyr i fangenskap

Nedgang i årets andre kvartal for dei to gigantane

I andre kvartal gjekk likevel den daglege bruken av Facebook og Snapchat ned. I perioden brukte 83 prosent Facebook dagleg, noko som er den lågaste daglege bruken i andre kvartal sidan 2015. For Snapchat var den daglege bruken 71 prosent, som er det lågaste i andre kvartal sidan 2016.

Les også: Snapchat får panikknapp

Instagram, på si side, med historisk topp

Instagram opplever på si side ein auke i den daglege bruken. 61 prosent av dei norske brukarane var innom Instagram dagleg frå april til juni, som er den høgste daglege bruken Ipsos har registrert nokon gong.

Les også: Valentinsdagen kan fort verta ein deppedag