TV 2 vel vekk kultur, satsar tungt på underhaldning

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV 2 vel vekk kultur, satsar tungt på underhaldning

Program for etniske minoritetar og den samiske befolkninga har òg blitt nedprioriterte, skriv Klassekampen.

Bakgrunnen for valet er at Kultur­departementet bad ålmennkringkasting-søkjaren (TV2) om å velje minimum fem av ti programkategoriar for å sikre tilstrekkeleg sjangermessig breidde, skriv avisa.

TV 2 kryssa av for tre sjangrar som kanalen alt innfrir: sport, underhaldning og samfunnsprogram.

Les også: Droppar krav til nynorsk i TV2

Kanaldirektøren meiner TV2 innfrir krava

Kanaldirektør i TV 2, Trygve Rønningen, meiner TV2 har innfridd ålmennkringkastingskrava som er nedfelt av Kulturdepartementet.

– Det er departementet som har lagt premissane for kva ein kommersiell allmennkringkastar skal vere. Vi har svart på det som var utlysingsteksten når vi har kryssa av for dei fem vala. Samtidig har vi sagt undervegs at vi har ambisjonar utover dette, seier han til Klassekampen.

Les også: Ber om skjerpa språkkrav for TV2

Agnete Haaland: – For mykje fokus på nettklikk

Teatersjef Agnete Haaland ved Den Nationale Scene i Bergen er blant dei som meiner TV2 har fått attende status som ålmennkringkastar på eit for snevert grunnlag. Ho seier til avisa at ho er overraska over at Kulturdepartementet ikkje har stilt større krav til kulturtilbod.

– Den ikkje-kommersielle delen av kulturfeltet i Noreg lir under nedbemanninga av media og alt fokuset på nettklikk. Kven skal ta vare på dei smale kulturuttrykka, om ikkje ein offentleg støtta allmennkringkastar? spør Haaland.

Les også: – TV2 diskriminerer dialektar

Slik valde TV 2:

30 MINUTT I VEKA:

 Samfunns-/ informasjonsprogram

 Underhaldning

 Sport

30 MINUTT I MÅNADEN:

 Religion, livssyn og livsfilosofi

 Dokumentarprogram

DETTE UTELÈT TV2:

 Program for den samiske befolkninga

 Kunst, kultur og musikk

 Natur og vitskap

 Program for språklege eller etniske minoritetar

 Undervisningsprogram

I lysinga til Kulturdepartement for avtale om kommersiell ållmenkringkasting, fekk søkjarane høve til å velja fem av ti programkategoriar for å ha ei viss sjangermessig breidde. Då fristen gjekk ut 23. september i fjor, synte det seg at TV 2 var einaste søkjaren.

Kjelde: Klassekampen

Ny avtale for TV2:

• TV 2 vil motta 135 millioner kroner årleg i statsstønad for å halda fram som kommersiell ållmennkringkastar.

• Kanalen har forplikta seg til daglege nyhendesendingar frå Bergen og til å investera 250 millionar kroner i norsk drama i avtaleperioden, som gjeld for fem år. Kanalen skal òg investera 10 millioner kroner årleg i barne- og ungdomsprogram.

• Helvta av programa skal vera på norsk.

Kjelde: Klassekampen