TV2 gjer deg ei bjørneteneste med å tekste Lothepus på «Farmen». Kva om du flyttar på bygda i Sogn og Fjordane?? spør Janne Merete Bøyum.

Janne Merete Bøyum, Studvest
Janne Merete Bøyum, Studvest

Innlegget var først publisert i Studvest.

Tidlegare i vår rulla Farmen Kjendis på skjermar over heile Noreg. Ein av deltakarane som fekk spesielt mykje merksemd var Leif-Einar Lothe, betre kjent som «Lothepus». Noko av det som vart mykje diskutert var at han var den einaste deltakaren som blei teksta.

LES OGSÅ: Målungdommen rasar mot TV 2 etter teksting av Lothepus

La oss sjå vekk frå at det er diskriminerande å berre tekste éin person på grunn av ei litt meir krevjande dialekt. Og at TV 2 grunngav det med at austlendingar kan om dei vil, men er for late. Men du har ikkje tenkt på at TV 2 gjer deg ei bjørneteneste? Ja, du forstår kanskje kva han seier no på TV. Men kva om du flyttar til Odda, der Lothepus er i frå? Eller kva om du kjem i ein situasjon der du må flytte til heimbygdi mi, Fjærland i Sogn? Både i Odda og i Fjærland, eller nokon andre plassar for den saks skuld, er det ingen som går etter deg og tekstar det dei lokale seier.

Så sjå for deg at du flyttar til Fjærland, og dei nye naboane lurer på om du kan ha eit kaffeslabberas. «Keragaorleisn?», seie dei når dei kjem inn døra. Dei lure på kvar dei skal hengja opp utapaotrøya. Og om du ikkje har funne fram bidne enno.

«Eg gleda meg ti da verte tøya ute. Me laut gao pao haolska heile vegen hit,» seie nabokjerringi. «Men ingen strøvla på vegen,» legg gubben til. «Heldivis! For eg ha allereie so ildt i knitti. Men so blei eg no øye kalde på nevadn dao.»

«Og me tok med ein velkomstpresang. Dei hadde ikkje so stort utval på bui, men eg syns no an e litt snaopen» seie nabokjerringi. «Da va no flaks at du hugsa setlabokji,»  seier gubben. «Ja, men leste du døri?» spør kona. «Ja. Eg ga jo deg lykjedl ittepao,» svara mannen.

LES OGSÅ: Boka om Lothepus kjem i september

Dei håpa dei ikkje snakka for masse, men dei er so øye gilde for å få nye naboar. «Ho kava med denna presangen, og so brukte ho lang tid på å jaola seg til», seie nabomannen om kjerringi si. «Men gubben kom no berre inkoleisn», svara kjerringi. «Flaks han tok på seg nåke ant enn klågga», legg ho til og smiler.

Vidare i slabberaset fortel kjerringi at gubben har vore so vanskeleg å få has pao i det siste. «Han ha faott eit nytt sett med stjødnejødn, sir du. I jerkvelde kom han ikkje atte til huset før bisk neste dag igjen. Han verte so ofte hefte. Da e haonkalaust.» seier ho.

Du slår opp i meir kaffi. Ho spør om det er greitt at ho sputa litt. Ho greie ikkje å la vere å nevla med noko. Ho håpar du ikkje verte støyten av det. «Eg har gløymt å tenne lys», seier du. «Her e ei stikkedaosa», seie ho, og sende den til deg. Når ho strekke seg over bordet slår ho ned glaset sitt.

«Ånei, no bodla eg», seie nabokjerringi. «Ha du ei tvoga?» legg ho til. «Fan du bala med? Alltid slek ei bodlabrita du», seier gubben. «Bedre da enn han so tyne vekk alt», svara kjerringi. «Ikkje dryl til meg atte no», seie gubben. «Hinadegen for eit båshåve. Eg føle meg snåten for ein god ektemann», seier kjerringi til deg. Ho delja til gubben. «Får vel ein voldsom herva når eg kjem heim atte no,» seier han.

Nei, det er ingen undertekstar i verkelegheita, sjølv om ein skulle ønskje det var det for framande dialektar. Men om du skulle vere så heldig å flytte til Fjærland og treng litt hjelp så er eg språkstudent, og tar gjerne jobben med å fylgje etter deg og omsetje alt dei seier. Då kan du, din late austlending (eller om du er frå ein anna stad), halde fram med å leve eit sutalaust liv utan språklege vanskar.

Men eg skal sjølvsagt ha bra betalt.

Les også om då Studvest-journalisten jakta Lothepus gjennom Bergens gater!

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE