Om du vil gøyme deg frå finvêret og heller slappe av på sofaen, kan desse filmane og seriane vere noko for deg denne helga.

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marvel’s Cloak and Dagger (HBO)

Det er ikkje akkurat mangel på superheltar på korkje store eller små skjermar for tida. Men det må seiast at Marvel sine TV-seriar står noko i kontrast med filmane deira. Dei er generelt mørkare og har mindre humor. I Cloak and Dagger møter me tenåringane Tandy og Tyrone som har veldig forskjellige bakgrunnar, men som finn ut at skjebnane deira er knytte saman på mysterisk vis. Det er òg kreftene dei plutseleg oppdagar at dei har. Sjølv om serien kan sjåast på HBO Nordic her til lands, er den originalt produsert for den amerikanske TV-kanalen Freeform. Freeform er eigd av ABC, som òg har produsert Marvel’s Agents of S.H.I.E.L.D. og Inhumans.

The Fourth Estate: New York Times – Et år med Trump (NRK)

Denne Doku-serien i fire delar viser korleis New York Times dekka Trump sitt første år som president. Serien dekkjer alle dei store hendingane som skjedde i løpet av perioden, men handlar òg om konkurransen mellom dei store avisene, demoniseringa av pressa og dei nær sagt konstante utskiftningane i staben til presidenten. Dei tek sjølvsagt føre seg hendingar som Charlottesville og Russland-undersøkinga. Serien, originalt laga for Showtime, kan sjåast på NRK Nett-TV, i fire timelange episodar.

Les også: Stranger Things 2 er noko av det beste du kan sjå på Netflix

Queer Eye (Netflix)

Du kan alltids spørje om det trengst fleire make-over-program i verda, men i dette tilfellet er svaret eit rungande ja. Queer Eye handlar om meir enn berre make-over, og er eit friskt pust innan sjangeren. Det er ikkje berre snakk om nye klede og ein ny sveis, men om livsstil og sjølvtillit. Fab 5, som mennene i serien blir kalla, reiser rundt i sørstaten Georgia for å fornye liva til menn som anten har nominert seg sjølve til make-overen eller blitt nominerte av vener eller familie. På vegen bryt ein ned ein god del fordommar, både hjå sjåarane, programleiarane og deltakarane.

The Bold Type (NRK)

Denne serien kan med første augekast virke noko klisjé. Kanskje er det bevisst frå serieskaparane. Her har dei blanda sukkersøte klisjéar med samfunnskommentarar. Serien følgjer tre veninner i New York som jobbar ved eit av dei største magasina retta mot kvinner. Serien tek opp fleire tema kring seksualitet, feminisme og karriere, og dekkar òg ein del av dei tinga kvinneblad blir kritiserte for. For ein gongs skuld har me ein serie om veninner der kvinnene aldri bryt kvarandre ned, men heller løftar kvarandre opp. Serien ligg ute på NRK, der nye episodar av andre sesong blir slupne kvar fredag, berre dagar etter at den har gått på skjermen i USA.

Grusomme Meg (Netflix)

Skurken Gru har ambisiøse planar om å stele månen, mest av alt for å vinne over den største rivalen sin, Vector. Når ting ser ut til å gå bra for Gru, øydelegg Vector planen hans, og Gru må lage ein ny ein. Den involverer at han adopterer tre små jenter, som han vil nytte for å få det som han vil. Men det er ikkje berre berre å plutseleg ha ansvar for tre ungar. Og kanskje er ikkje Gru berre grusom likevel. Filmen introduserer og skapningane som seinare har blitt svært populære, nemleg minions.

Les også: «SKAM» på landet? NRK P3 med ny nettdramaserie – frå Nordfjord