«Skam» på landet? NRK P3 med ny nettdramaserie – frå Nordfjord

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Lovleg» er namnet på den nye serien som frå juni av skal spelast inn på Firda vidaregåande skule på Sandane i Nordfjord, der det bur under 3.000 innbyggjarar, melder NRK Sogn og Fjordane.

Rundt 40 elevar har vore på audition for å bli skodespelarar i serien, der ein del av tematikken visstnok skal vere utfordringane som ungdommane står overfor når dei flyttar heimanfrå – og skal stå på eigne bein.

– Det er spennande at vår skule er vald ut. Dei har truleg valt Firda vidaregåande fordi ein stor del av elevmassen bur på hybel, seier rektor Hallgeir Hansen til NRK.

Held korta tett til brystet

Ungdommane på den aktuelle skulen oppfattar serien som ein «Skam»-oppfølgjar».

– Det er veldig kjekt at denne serien skal handle om ungdommar som bur på landsbygda. Eg håpar den blir like populær som «Skam», seier 17 år gamle Tea Malene Fuglestrand.

Men P3s redaksjonssjef for TV og utvikling, Håkon Moslet, held korta tett til brystet når det gjeld «Lovleg», som er arbeidstittel på serien. Han vil berre bekrefte at P3 er i utvikling med ein ny nettdramaserie, som vil bli sendt i 2018, og vil ikkje kommentere om den liknar på «Skam». Det er produksjonsselskapet Rubicon som skal lage «Lovleg».

Den nye tvserien blir sett til Firda vidaregåande skule. Foto: Geir Skagen/Firda vidaregåande skule

Korleis er det å bu på hybel?

22. mars presenterte P3-redaksjonssjef Camilla Bjørn NRKs ungsatsingar for Kringkastingsrådet, inkludert denne nye serien, melder iTromsø.

– Hit og til andre tettstader kjem mange 16-åringar for å gå på vidaregåande og bu på hybel. Den verkelegheita, den har vi lyst til å utforske, sa Bjørn under møtet. Der fortalde ho at NRK hadde vore på Vestlandet og gjort research, og spurt dei unge kva det verste ville vere. Svaret var: «Å ikkje få venner».

– Serien skal lære ungdom at det går bra, sjølv om det går til helvete, sa Bjørn under presentasjonen, ifølgje nettstaden.