Fekk hai på over eitt tonn på kroken i Nordland

Svenske Mikael Åkesson fekk ei håkjerring på over eitt tonn i Andfjorden i Nordland i helga. Fisken er den tredje største som nokon gong er registrert tatt på stong.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk hai på over eitt tonn på kroken i Nordland

Ifølgje nettstaden Hooked brukte svensken halvannan time på å kjempe med haien, som vart fanga på over 500 meters djup.

Den var 406 centimeter lang. Håkjerringar som vert tekne på stong, vert målte medan dei er i sjøen. Dermed kan dei setjast ut igjen. Det vert nytta ein tabell for å estimere vekta på fisken med stor nøyaktigheit. Då vart resultatet 1054,7 kilo.

Les også: Ålen omtala som Europas elfenbein

Fekk symje vidare

Fisken fekk symje uskadd vidare etter målinga.

– Dette toler håkjerringane godt. Dei har ikkje symjeblære blir derfor ikkje trykkskadde, skriv Hooked.

Verdsrekorden for fisk tatt på stong har Alfred Dean, som fanga ein kvalhai på 1.208 kilo i Australia i 1959. Så følgjer norske Asgeir Alvestads fangst av ei håkjerring på 1.099 kilo i Nedstrandsfjorden i Rogaland i 2013.

Åkessons håkjerring legg seg som nummer tre på lista. Fiskaren sjølv har bedt om ikkje bli kontakta før han er ferdig med å fiske.

Les også: Oljesøl får fisk til å oppføra seg som fulle folk

Langsam og dvask

Håkjerring er ifølgje Havforskingsinstituttet ein stor rovhai, større enn sine frykta slektningar kvithai og hammarhai. Arten er utbreidd langs det meste av norskekysten og i andre nordlege farvatn.

Håkjerringa kan bli opptil åtte meter lang, to meter meir enn kvithai. Men medan kvithaien er ein svært hurtig og spenstig fisk, er håkjerringa langsam og dvask, noko det latinske namnet viser til: Somniosus, den søvnige.

Sjølv om den ville vore i stand til å angripe menneske, er det ingen stadfesta historier om at dei gjer det. Sjølv ikkje dykkarar som kjem ut for dei under vatn er blitt angripne.

Les også: Sørlandstorsken blir borte på grunn av klimaendringar