Sørlandstorsken blir borte på grunn av klimaendringar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fråværet av torsk langs Sørlandskysten har lite med overfiske, sel eller skarv å gjere. Årsaka er kort og godt klimaendringar, meiner havforskar Tore Johannessen ved Havforskingsinstituttet.

Forskinga Johannessen har gjort dei siste åra, viser at årsaka er brå endringar i levekåra for torsken, eit såkalla regimeskifte som kom i 2002 med mindre næringsstoff i sjøen, endringar i planktonsamfunnet og stigande temperaturar.

– Folk leitar etter forklaring på kvifor det blir lite fisk, og da legg ein gjerne skulda på sel, skarv og lysfiske, men det viktigaste problemet vi har, er miljøendringar som gir dårlege oppvekstforhold for fisken, seier Johannessen til NRK.

Over fleire år har Johannessen dokumentert førekomstane av fisk i Skagerrak, og på vårparten har han, stikk i strid med det som er gjengs oppfatning, kunna registrere enorme mengder med torsk i områda ved Arendal. Det dreier seg ikkje om årsvariasjonar, men at store mengder av denne fisken døyr over sommaren, ifølgje Johannessen.

– Variasjon er eit naturleg fenomen, men desse endringane er ikkje vanlege. Det er eit problem når det skjer endringar i planktonsamfunnet som gjer at fisken ikkje veks opp, seier Johannessen.

LES OGSÅ: Norsk torsk har plast i magen

Torsk var i 2015 den viktigaste økonomiske fiskearten i Noreg. No er det for første gong funne plast i norske torskemagar. Her frå lofotfiske, med fiskebåt full av torsk. Foto Svein Hammerstad / NTB scanpix / NPK