Oljesøl får fisk til å oppføre seg som fulle folk

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oljesøl får korallrevfisk til å ta dårlege val, har eit internasjonalt forskarteam frå Havforskinga, USA og Australia funne ut. Forskarane undersøkte seks ulike sortar korallrevfisk, og fann ut at oljesøl påverka oppførselen til fiskane, skriv Havforskingsinstituttet på eigne nettsider.

Korallrevfisken har ein tøff oppvekst, og dei er svært sårbare i barndommen. Sjølv i trygge, store populasjonar er det mindre enn ti prosent av embryo og larvar som overlever til dei er vaksne. Dei som overlever er dei som klarer å skilje venn frå fiende og ta smarte val; som å halda saman i større grupper, unngå opne farvatn og kjapt symja vekk frå fare.

I ei rekke eksperiment fann forskarane ut at «ungdommane» som vart utsette for olje, ikkje tok desse forholdsreglane.

– Fiskane som hadde blitt utsette for oljesøl hadde ei risikoåtferd, seier forskar Andrew Esbaugh ved universitetet i Texas. – Sjølv i møte med ein fiende som vil eta dei.

Forskarane fann også ut at oljeeksponering påverka evna fisken har til å finne ein passande plass å bu. I tillegg sleit ungfiskane med å utvikle seg, og overleva.

Det finst olje i hava over heile verda, men fram til no har ein hatt lite kunnskap om korleis olje påverkar korallrevfisk. Tidlegare studiar på korleis olje påverkar fisk har vist deformasjonar og nedsett hjarte- og karfunksjon.

Dette er den første studien som viser at oljeeksponering faktisk påverkar oppførselen til fisk slik at dei vert eit lettare bytte, og mislukkast med å finne seg ein trygg heim. Desse resultata kan vera dårleg nytt for korallreva i verda. Mange korallrev er avhengige av at fisk fjernar algane som hindrar reva i å veksa og utvikla seg.