– Det einaste som skal vera att når du forlèt ein leirplass, er oske frå bålet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det einaste som skal vera att når du forlèt ein leirplass, er oske frå bålet

Først blir det fem timar direktesending under rubrikken «Minutt for minutt» om formiddagen. Seinare blir det høgdepunkt i «Sommeråpent»-regi på kveldstid. Primus motor er Lars Monsen, som inviterer til dobbeltpremiere på NRK1 torsdag.

Saman med andre i produksjonen og utvalde gjester skal han besøkja Hardangervidda, Jotunheimen, Vesterålen og Indre Troms den neste månaden.

– Eg håpar det vil inspirera folk til å reisa på tur sjølve, og ikkje minst til å verdsetja det fantastiske vi har å by på av natur i Noreg, seier Monsen til NTB før avmarsj.

– Litt av poenget er å læra ikkje å gløyma dei små tinga. Når du blir tørst er det til dømes ingenting som smakar som norsk fjellvatn. Det er berre å dyppa koppen i bekken.

Les også: Skal lage raudliste for truga naturopplevingar

Ormegras kan vere ei løysing

Veteranprogramverten frå Oslo Aust håpar også at publikum vil følgja eksempelet hans når det gjeld «sporlaus ferdsle».

– Noko av det eg er stoltast av som friluftsmann, uansett kvar eg reiser, er at eg lèt etter meg minst mogleg, seier 55-årige Monsen.

– Det einaste som skal vera att når du forlèt ein leirplass, er oske frå bålet. Ikkje eingong aluminiumsrestane frå innsida av ein suppepose er greitt, formanar han.

Heller ikkje toalettpapir er i tråd med bodet til Monsen.

– Viss du må på do i terrenget, er ormegras ei løysing. Etterpå legg du nokre steinar oppå. Om du likevel må bruka papir, tek du det med deg i ein plastpose og kastar det seinare.

Les også: Vi fjernar oss frå naturen slik at vi blir sjuke

Mobillaus ferdsle

Dette er «seinfjernsyn», seier Monsen.

– Vi er i naturen for å slappa av, senka skuldrene og lada batteria, seier han.

– Det handlar ikkje om å gå fortast eller bera tyngst. Det handlar om å oppleva stilla, roa og harmonien. Og du treng ikkje oppdatera Facebook heile tida. Du må gjerne leggja frå deg mobiltelefonen.

– Ja, korleis stiller Lars Monsen seg til sosiale medium?

– Vel, ein kamerat gjorde meg merksam på at eg hadde 60.000 følgjarar på Facebook. «Eg har jo ikkje noko Facebook-side,» svarte eg. Men då forstod eg at eg måtte ta kontroll over sida, og i dag har eg nesten 320.000 følgjarar. Men eg er ikkje den som legg ut kva eg har på frukostskiva – det går gjerne fem veker mellom kvart innlegg.

Les også: Friluftslivet feirar 60 år med allemannsretten

Har med trekopp frå Snåsamannen

– Kva gler du deg mest til av dei fire rutene du skal ut på?

– Eg har vore innom alle før, og vil ikkje seia at eg gler meg meir til nokre enn andre. Viss eg blir tvinga til å velja, må det bli den siste. Den totale villmarka i Indre Troms er heilt fantastisk. Viss vi får godvêr der, blir det ein kjempetur.

– Kva pakkar du alltid i ryggsekken?

– Det blir kniv, fyrstikker og fiskeutstyr. Og så er trekoppen litt viktig, innrømmer Monsen overfor NTB.

– Denne gongen tek eg med ein kopp eg fekk av Joralf Gjerstad.

Les også: Lovar lakseeventyr for ungdom