Lovar lakseeventyr for ungdom

Reserverer nokre av dei beste lakseelvane i landet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 15 utvalde lakseelvar får unge mellom 14-18 år tilbod om ein laksefiskecamp med i nokre av dei beste elevane i landet til ein liten brøkdel av det dei kostar til vanleg.

På campane lærer deltakarane om laksefiske. Det blir ikkje stilt nokon krav til deltakarane med tanke på ferdigheiter eller utstyr.

– Når me ikkje er ute og fiskar, overnattar me i lavvo, lagar mat på bålet og blir kjent med andre unge laksefiskarar frå heile landet, skriv NJFF i ei pressemelding.

Dersom du ikkje vil reisa på camp, så melder Fiskeridepartementet at ordninga med ungdomsfiske i havet held fram også denne sommaren.

Her er lista over laksefiskecampar 2017:

•          Vosso-Bolstadelva (Hordaland)           11.-13. august
•          Stordalselva (Møre og Romsdal)         30.juni- 02. juli
•          Surna (Møre og Romsdal)                   22.-24. juni
•          Suldalslågen (Rogaland)                     26.-28. juli
•          Saltdalselva (Nordland)                       28.-30. juli
•          Otra (Vest-Agder)                                12.-13. august
•          Numedalslågen (Vestfold)                   10.-11. august
•          Målselva (Troms)                                 07.-09. juli
•          Lygna (Vest-Agder)                              12.-13. august
•          Lakselva i Porsanger (Finnmark)        05.-06. august
•          Kongsfjordelva (Finnmark)                  07.-09. august
•          Gaula i Sunnfjord (Sogn og Fjordane) 13.-15. juli
•          Bjerkreimselva (Rogaland)                  30.juli – 01. august
•          Altaelva (Finnmark)                              16.-18-. juli
•          Valldøla (Møre og Romsdal)                11.-13. august