Friluftslivet feirar 60 år med allemannsrett

I dag fyller den lovfesta allemannsretten i Noreg 60 år.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folk har ferdast fritt i skog og fjell i Noreg før den tid òg, men frå 1. juli 1957 vart dette ein lovfesta rett i Noreg gjennom friluftslova. Lova vart vedteken i Stortinget nokre dagar før, 28. juni.

Det er verdt å markere, meiner generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv, som trur helsekostnadene hadde skote i vêret utan denne retten.

– Allemannsretten gir nordmenn høve til å oppleve og bruke naturen, så lenge ein tar omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Hadde vi ikkje hatt allemannsretten til å ferdast og vere i og hauste av naturen, ville svært mange menneske hatt liv med dårlegare livskvalitet, seier Heimdal.

Han fryktar no at allemannsretten skal vatnast ut av folk som vil ta betalt for bruk av skiløyper og tilgang til populære fjelltoppar, ulovleg skilting og stengsel.

– Det er veldig viktig at vi held fram med å ta vare på allemannsretten. Forhåpentleg kan han bli grunnlovsfesta, slik at sjølve grunnlaget for friluftslivet i Noreg ligg fast, seier Lasse Heimdal.

Ei slik grunnlovsfesting var eitt av forslaga som Stortinget debatterte i ein gjennomgang av 45 representantframlegg om endringar av Grunnlova i mars.

Allemannsretten inneber at alle har lov til å ferdast fritt i utmark, på innsjøar, i skjergarden og til fjells i Noreg, uavhengig av kven som eig grunnen.