Uvanleg svak prisutvikling på mat

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Matprisane følgjer faste svingingar gjennom året, der jul, påske og skulestart er typiske tilbodsperiodar, mens prisane vanlegvis justerer seg etter jul og påske og om sommaren. Prisutviklinga på mat har derimot vore uvanleg svak over lang tid, og det hadde vore grunn til å forvente høgare prisvekst no, seier direktør Ingvill Størksen i Virke daglegvare i ei pressemelding.

Les også: Pengar til sjømatprosjekt for barn og unge

– Mindre enn venta

Frå mai til juni 2018, steig matprisane med 0,5 prosent, mot ein auke på 0,4 prosent i konsumprisindeksen i same periode.

– Prisauken denne månaden var mindre enn venta, sidan prisutviklinga på mat har vore uvanleg svak over lang tid. Prisen på handlekorga er nesten den same som den var for 2 år sidan. Prisveksten på mat og drikke dei to siste åra sett under eitt er på svake 1,2 prosent, seier Størksen.

Les også: Lite plantevernmiddel i matvarer