Lite plantevernmiddel i matvarer

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kontrollen viser at talet på overskridingar i fjor gjekk ned samanlikna med året før. Samtidig var det ein tendens til at det i ein og same prøve blei funne fleire ulike plantevernmiddel, fortel Mattilsynet.

Les også: Dei vil utkonkurrera kjøtindustrien innan få år

Ingen funn av restar frå norske matvarer

Totalt analyserte Mattilsynet 1.283 prøvar av ferske, frosne eller bearbeidde matvarer. Av desse blei det funne restar etter plantevernmiddel i 17 prøver, men ingen av desse var frå norske matvarer.

Dei fleste matvarene som hadde restar etter plantevernmiddel over grenseverdiane, kom frå land utanfor EU.

Rosiner frå Tyrkia var det produktet der det blei påvist flest restar etter plantevernmiddel.