Kvar oslobuar har 1,8 kvadratmeter tilgjengeleg strandsone

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inst i Oslofjorden, i fylka Akershus, Oslo og Buskerud, er berre rundt 30 prosent av området 100 meter frå vasskanten tilgjengeleg for folk flest, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Frå Rogaland og nordover til Finnmark er derimot 70 prosent av strandsonearealet tilgjengeleg, sjølv om nesten ein tredel av den potensielt tilgjengelege strandsona på denne strekninga er sett på som for bratt for opphald og ferdsel.

Les også: 500 år sidan den store dansepesten i Strasbourg

Mest strand på innbyggarande i Solund

I fleire kommunar langs Oslofjorden er mindre enn ti kvadratmeter av strandsona tilgjengeleg for kvar innbyggjar. I Oslo har kvar innbyggjar berre 1,8 kvadratmeter strandsone tilgjengeleg i område der det ikkje er for stor helling i terrenget til å opphalde seg.

Øykommunen Solund i Sogn og Fjordane er på si side den kommunen i Noreg der innbyggjarane har mest strandsone utan veldig stor helling å boltre seg på. Der har kvar av dei 806 innbyggjarane over 24.000 kvadratmeter strandsone kvar.

Statistikken viser samtidig at dei menneskelege inngrepa i strandsona hovudsakleg vert påverka av bygningar, men også dyrka mark, veg og jernbanelinjer påverkar strandsona.

Les også: Skal lage raudliste for trua naturopplevingar