Sommartrafikken er meir døyeleg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Statens vegvesen kjem tre av ti dødsulykker av uoppmerksamheit. Når ulykkesmånadene juli og august no står for tur, er beskjeden enkel: Vêr oppmerksame.

– I trafikken tel kvart sekund. Ein augneblinks uoppmerksamheit kan vere forskjellen på liv og død. Så brutalt er det faktisk, seier seniorrådgivar Rita Aarvold i Statens vegvesen.

– Sommarmånadene er ulykkesmånader. Det kjem av at mange køyrer på stader der dei ikkje er kjente, med mange i bilen kombinert med varme. Det kan bidra til at vi blir meir stressande. Folk bør ta seg gode pausar der dei kviler, et og drikk, seier Aarvold.

Les også: Noreg er verdsmeistar i trafikktryggleik

Farleg sommartrafikk

Tal frå Statens vegvesen viser at i år har 14 personar omkomme i trafikken i juni. Det er nesten like mange som i januar, februar og mars til saman, med høvesvis 16 omkomne.

Frå 2010, viser tal at det nesten kvart år er like mange omkomne i månadene mai, juni, juni og august, som til saman resten av året. I 2012 omkom eksempelvis 75 personar i desse månadene, mot 70 resten av året.

– Et isen i pausen

Det er ikkje ukjent at varmen fører til at vi et meir is, også når vi er på biltur. I ei undersøking gjort av Statens vegvesen seier 39 prosent at det er greitt å ete og drikke under køyring.

Aarvold påpeiker at det er greitt å ete is om ein klarer dette med full merksemd på vegen, men anbefaler å gjere det i pausen.

– Når ein et is har ein kanskje berre ei hand på rattet, noko som gir kortare reaksjonstid. Dette i tillegg til at når ein tar av papiret, søler eller hjelper barna, vert blikket fjerna lenge nok frå vegen til at uhellet kan skje, seier Aarvold.

Statens vegvesen peiker på at berre to sekund er ei kritisk grense for kor lenge ein kan ta blikket av vegen. På desse sekunda, kan ein tilbakeleggje ei strekning så lang som ei fotballbane i «blinde».

Les også: – Vi er i privatbilens siste dagar

Oppmerksamheitstjuvar

Det er dei unge som meiner at det er greitt å gjere andre ting når ein køyrer.

Personar i alderen 18–29 år synest det gjennomgåande er greitt å gjere andre ting bak rattet, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Dei over 60 år har nulltoleranse for andre aktivitetar under køyring, står det vidare.

– Det er mange små ting som kan ta merksemda vekk frå sjølve bilkøyringa. Det er summen av alle dei små oppmerksomheitstjuvane, som gjer uoppmerksamheit til eit stort sikkerheitsproblem i trafikken. Vêr den bilisten du sjølv ønskjer å møte i sommartrafikken, oppfordrar Aarvold.

– Vi menneske har evna til å ha fleire tankar i hovudet samtidig, og gjere raske skifte. Men vi har berre éin pott med merksemd. Dei du møter på vegen fortener at du har heile og fulle merksemda di retta mot nettopp bilkøyringa, seier Aarvold.

Les også: – Dobbel prikkbelasting gav færre skadde og omkomne tenåringar i trafikken