– Dobbel prikkbelastning gav færre skadde og omkomne tenåringar i trafikken
Talet på drepne og hardt skadde tenåringar i trafikken er halvert på fem år, viser nye tal.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dobbel prikkbelastning har redusert talet på ulykker
Sidan 2012 har 53 prosent færre 18- og 19-åringar omkome eller blitt hardt skadde i trafikken i Noreg. Talet har gått ned frå 54 til 25 tilfelle.
– Dette er kanskje det mest gledelege som har skjedd i trafikken dei siste åra, seier sjef for utrykkingspolitiet (UP), Runar Karlsen, til TV 2. Han har studert nedgangen i ulykkestala frå 2012 til i dag.
– Eg er ikkje i tvil om hovudårsaka: dobbel prikkbelastning for ferske sjåførar, seier Karlsen vidare.
Eit nytt prikksystem gjer at sjåførar med ferskt sertifikat alt etter to brot mister retten til å køyre og må ha ny okøyring.
Karlsen framhevar òg innsatsen politiet har gjort med fartskontrollar, automatisk førarkortbeslag på 0,2 promille, og haldningsskapande kampanjar som har vore arrangerte i samarbeid med blant andre Statens vegvesen og Trygg Trafikk.