Noreg verdsmeister i trafikktryggleik

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor miste 106 livet på norske vegar. Det betyr ifylgje Statens vegvesen at Noreg er det første landet som nokon gong er nede i berre 20 omkomne per millionar innbyggjarar etter at OECD starta med systematisk innsamling av data om trafikkulykker.

Talet på omkomne i trafikken her i landet var i fjor 21 prosent lågare enn i 2016 då 135 miste livet på norske vegar. I Europa var det berre Estland som hadde ein større nedgang, men frå eit langt høgare nivå.

– Inga kvilepute

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen er glad for at Noreg kjem så godt ut, men seier at det likevel ikkje er noko kvilepute.

– Ei dødsulykke er – naturlegvis – ei for mange, seier han.

Etter Noreg med 20 drepne per million innbyggjarar, er Sverige, Storbritannia, Sveits, Nederland og Danmark dei landa som har færrast omkomne i trafikken høve til folketalet.

LES OGSÅ: Vi er veldige glade i dykk – me har ingen å mista

Framleis mange hardt skadde

Vegdirektøren strekar under at det ikkje er sjølvsagt at Noreg kjem så godt ut. Han er tydeleg på at utviklinga er eit resultat av systematisk og målretta arbeid. Dette arbeidet meiner han det er viktig å halda fram med. Han peikar mellom anna på at utviklinga ikkje er like positiv for hardt skadde som for drepne.

– Dette viser kor viktig det er å ikkje sleppa trykket på arbeidet for trafikktryggleik, seier Terje Moe Gustavsen.

Førebelse tal viser at rundt 770 blei drepne eller hardt skadde i trafikkulykker her i landet i fjor. Det er ein nedgang på 3 prosent. Målet i Nasjonal transportplan er maksimum 500 drepne og hardt skadde innan 2024 og maksimum 350 drepne og hardt skadde innan 2030.

I EU døyr 500 personar i trafikken kvar veke, og meir enn 135.000 blei i fjor hardt skadde i trafikkulykker i EU. (©NPK)

LES OGSÅ: Får gratis kontroll av russebilar