– Eg kunne djevlig mykje om Edvard Grieg i 9. klasse

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingegjerd og Rannveig diggar klassisk musikk

– Eg likar dei store russarane. Rakhmaninov. Tsjajkovskij, seier Ingegjerd (23).

– Og Prokofjev! skyt Rannveig (23) inn.

Alle veit at det finst unge utøvarar av klassisk musikk, men kva med lyttarane? Kva får  barn av 1990-åra til å høyra på strykarkvartettar og pianokonsertar? Ingegjerd og Rannveig har nokolunde dei same yndlingskomponistane og lyttar til klassisk musikk same kor dei er, enten dei går tur i skogen eller gjer lekser på lesesalen.

Les også: Sommarfestival med klassisk musikk?

Ingegjerd Kristina Skretting er svak for dei store russarane. Foto: Isak Slettebø

Såg Nøtteknekkaren som lita

Dei omgir seg med ein musikksjanger som har vore gamaldags i hundre år. Få nyttar transportmiddel eller kler seg i kleda frå den tida, så kvifor synest nokre kunstuttrykk å vera udøyelege, rett nok med ein del statsstøtte?

– Eg fekk sjå russiske ballettar då eg var lita, som gjorde veldig inntrykk, mimrar Rannveig.

Ho trekkjer fram ballettane «Romeo og Julie», «Svanesjøen» og «Nøtteknekkaren» som sine favorittar, skrivne av Prokofjev og Tsjaikovskij.

– Eg greier ikkje skilja musikken frå balletten. Høyrer eg musikken, ser eg òg dansen, legg ho til.

– Kva er spesielt med desse russarane?

– Dei skreiv veldig dramatisk musikk med sterke kjensler, og dei dikta opp melodilinjer som er lette å få tak i, seier Ingegjerd.

Rannveig høyrde på alle platene til Minken Fosheim som lita. Foto: Isak Slettebø

– Frasane er enkle å fylgje, og ein kan nynna på dei etterpå, fylgjer venninna opp.

Les også: Klassisk musikk for bygdetullingar

Popmusikk får forsprang

Klassisk musikk er såleis ikkje ulik andre sjangrar. Men kan henda er han ikkje like tilgjengeleg?

– Du blir presentert for popmusikk i ung alder, og dei spelar han over alt. Hadde klassisk musikk vore like utbreidd i offentlege rom, ville nok folk likt han betre òg, spekulerer Ingegjerd.

Kor ofte høyrer du på klassisk musikk?

Kor ofte høyrer du på klassisk musikk?

Ofte17
Av og til6
Sjeldan5
Aldri1
Svar totalt: 29

 

Fersk forskning syner at iallfall britisk ungdom høyrer meir på klassisk musikk enn på sjangrar som dubstep og techno, men tala for Noreg veit me ikkje.

Les også: Korleis skal me lytta til klassisk musikk?

Høyrde på Minken Fosheim i bilen og heime

For Rannveig og Ingegjerd var det foreldra som kveikte eldhugen for klassisk musikk. Allereie som småtroll fekk dei klassiske impulsar heimafrå, og båe lovprisar nyleg avlidne Minken Fosheim som ein stor formidlar.

Mange hugsar Minken Fosheim frå dei fine komponistplatene. Omslagsfoto / 528 551-2

Minken Fosheim var skodespelar og barnebokforfattar, men blir kan henda best hugsa for sin plateserie om klassiske komponistar, som byrja med «Eventyret om Mozart» i 1995. Ho vekkja interessa for klassisk musikk hjå ein heil generasjon unge.

– Me høyrde på henne både i bilen og heime. Eg minnest særleg lyden av hestevogner som «fada». Eg trur eg høyrde alle platene. Takka vera henne hugsar eg at eg kunne djevlig mykje om Edvard Grieg før ei prøve på ungdomsskulen, avsluttar Rannveig.

Les også: Dikta til Danez Smith får nytt liv