Regjeringa med forslag til hemnporno-lov

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det bekreftar justisminister Tor Mikkel Wara overfor Nettavisen.

I byrjinga av mars stemte Stortinget ned eit forslag frå Arbeidarpartiet om auka straff for hemnporno, men regjeringa og dåverande justisminister Sylvi Listhaug (Frp) sa dei ville komme tilbake med eit nytt forslag til lovendringar.

– Må gjerast på rett måte

Wara seier han forstår at mange er utolmodige og raskt ønsker å få på plass ei ny lov, men understrekar at det må gjerast på rett måte slikt at dei nye reglane får ønskt effekt.

Justisminister Tor Mikkel Wara lovar ei ny hemnporno-lov før sommaren. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Vi må blant anna ha klart kva tilfelle som rammast. Kanskje skal fotografen og ikkje berre den som spreier bilda skal haldast ansvarleg? Bør også film- og lydopptak bli omfatta? Og skal ein kunne påleggje alle som har lagra slikt innhald om å slette det, sjølv om dei ikkje har spreidd noko? Spørsmåla er mange, derfor er det viktig at vi får eit godt fagleg forankra forslag som blant anna offer og støttespelarar kan få komme med innspel til, seier han til avisa.

LES OGSÅ: Hemnporno-offeret Emma Holten: – Eg blei feminist av det som hende

Håpar regjeringa held løftet

Lene Vågslid (Ap)

Leiaren for justiskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid, som var forslagsstillar for Ap i mars, seier ho håper regjeringa held løftet sitt om ei ny lov.

– Lovverket ligg etter utviklinga i samfunnet vårt. Det er viktig å få auka strafferammer og eit tydelegare regelverk mot hemnporno og deling av denne typen bilde. Eg håpar ikkje regjeringa gøymer seg bak lange unødvendige utgreiingar for å sleppe å gjere noko i denne saka, seier Vågslid. (©NPK)