Meiner Kulturdepartementet braut mållova

Synne Grimen Hammervoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka gjeld søknadsskjemaet «Gaveforsterkningsordningen for kunst- og kulturformål» på nettsidene til Kulturdepartementet. Etter at Framtida vart tipsa om saka, har skjema kome på plass.

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, kritiserte departementet i ein e-post til Framtida, og kalla det brot på mållova.

– Grunnen til at eit enkelt skjema er ei ganske stor sak i dette tilfellet, er at Kulturdepartementet har ansvar for mållova og språkpolitikken, meiner Hope.

– Det er difor djupt problematisk at kulturdepartementet ikkje lever etter det lovverket dei sjølve er sette til å forvalte.

Les også: Gloppen krev digitale læremiddel på nynorsk

Ber kulturministeren rydde opp

Målungdommen melde saka inn til Språkrådet, som har ba Kulturdepartementet rette opp mangelen.

I eit brev til departementet skreiv Språkrådet: «Etter § 8 i mållova skal alle skjema liggje føre på begge målformene. Vi ber Kulturdepartementet få på plass ein nynorskversjon av dette skjemaet så snart som råd, og vi ber om tilbakemelding frå departementet innan 15. august».

Hope påpeikar at kulturminister Trine Skei Grande tidlegare har lova at regjeringa skal drive ein aktiv språkpolitikk.

– Me krev at ho ryddar opp og ser til at departementet har alt som skal vere på nynorsk i orden, seier han.

Nytt skjema på plass

Onsdag er søknadskjema på nynorsk tilgjengeleg på nettsida, og Kulturdepartementet svarar Framtida på kritikken via e-post.

– Det er rett at søknadskjema skal ligge føre for begge målformer og departementet meiner det er viktig å oppfylle dette kravet. Ved ein feil har søknadsskjema for gåveforsterking ikkje vore tilgjengeleg på nynorsk og det seier vi oss leie for. Vi har no publisert søknadsskjema på nynorsk.

Dei understrekar at det i dette tilfellet er snakk om ein feil, og ikkje nedprioritering av nynorsk. Hope i Målungdommen er nøgd med at Kulturdepartementet har ordna opp.

– Det er særs bra at departementet leverer raskt, sjølv om dei fyrst måtte får ei klage. Det syner at det ikkje er vanskeleg å fylgje reglane i mållova, det handlar om prioriteringar og medvit.

Kulturdepartemantet fortel at dei er glade for at folk gir dei innspel om nettsida deira.

– Engasjerte brukarar som stiller krav og peikar på feil er viktig i arbeidet med ein aktiv språkpolitikk.

I 2015 fekk regjeringa kritikk for at ein ikkje lenger kunne velje målform på nettsidene deira. Den gong meinte Noregs Mållag at nynorsken vart mindre synleg på nettsidene.

Les også: SV krev fleire tiltak for å få fleire digitale læremiddel på nynorsk