Skal Apple Pay få fritt leide i steinrøysa?

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fritt fram for Apple Pay i Noreg?

Apple Pay fungerer slik at du held telefonen inntil betalingsterminalen, og betalinga blir godkjent med fingeravtrykk eller andletsgjenkjenning.

Det er dermed hakket meir avansert enn Vipps, som enno ikkje har lansert mobilbetaling i butikk, sjølv om det etter planen skal koma på marknaden innan nyttår.

Kvass tevling

Sidan DNB og enkelte andre norske bankar har eigarskap i Vipps, lèt dei ikkje kundane sine nytta Apple Pay. Det går òg andre vegen: Apple hindrar Vipps og andre konkurrentar i å fungera med mobilbetaling i butikk på iPhone.

Jan Erik Grindheim trur Vipps kjem godt ut av dette. Foto: Civita

Konkurransetilsynet seier til Dagens Næringsliv at dette kan vera i strid med konkurranselova, sidan Apple har ein svært sterk posisjon i marknaden for smarttelefonar.

Men kor langt kan me gå for å beskytta norske interesser? Proteksjonisme, det å verna innanlandske næringar mot utanlandsk konkurranse, kan verka freistande, men er òg svært kontroversielt.

Kan slå tilbake på oss sjølv

Presidenten for USA, Donald Trump, fekk mykje kritikk då han i vår innførte høge tollsatsar på importert stål og aluminium. Proteksjonisme passar ikkje inn i ein fri marknadsøkonomi, meiner mange. Jan Erik Grindheim er statsvitar og arbeider i den liberale tankesmia Civita. Han veit godt at det finst delte meiningar på dette området.

Sigrid Hagerup Melhuus er langt på veg samd med Grindheim. Foto: Agenda

– Er proteksjonisme alltid gale?

– Det kjem an på kven du spør, men eg meiner ein må vera veldig varsam med å byggja opp norsk industri på proteksjonisme. Det kan slå tilbake på oss sjølv, seier han til Framtida.

– Eg vil ikkje rå til at me stengjer Apple Pay ute, og eg trur uansett at nordmenn likar Vipps, legg han til.

Sonia El Boumlali kjem nok til å halda fram med Vipps. Foto: Synne Hammervoll/Framtida

Heller ikkje Sigrid Hagerup Melhuus, rådgjevar hjå den meir venstreorienterte tankesmia Agenda, er særleg positiv til proteksjonisme.

– Handel mellom land er bra, sidan kvart land då får høve til å spesialisera seg innanfor nokre område, seier ho.

– Proteksjonisme veks likevel fram delvis som fylgje av store skilnader mellom fattig og rik. Løysinga er ikkje å avgrensa handel, men både å handla og omfordela meir. Proteksjonisme skadar økonomien, føyer ho til.

Kva meiner Sonia, Sofie og Per?

Sofie Reinmann meiner me sjølve må få velja om me vil nytta Vipps eller noko anna. Foto: Framtida

Framtida ville undersøkja rettsoppfatninga og fedrelandskjærleiken til den jamne nordmannen, og stilte fylgjande spørsmål til tre på gata:

  1. Synest du det er greitt at Apple vil hindra konkurrentar som Vipps i å fungera på iPhone?
  2. Er det viktig for deg å forsvara norsk næringsliv?

Sonia El Boumlali (19):

  1. Nei, det er ikkje greitt, eg trivst godt med Vipps.
  2. Ja, det hadde vore synd om dei store amerikanske selskapa tok heilt over.

Sofie Reinmann (17):

  1. Ikkje greitt. Me bør kunna velja sjølve kva for betalingsteneste me nyttar.
  2. Ja, det er viktig. Me treng norske selskap for å halda liv i norsk økonomi.

Per Rusten (28):

Per Rusten synest Apple må få gjera kva dei vil med iPhone. Foto: Framtida

  1. Det må vera greitt ja. Det er deira firma, og dei må få gjera kva dei vil med iPhone.
  2. Eigentleg ikkje, eg synest marknaden må få styra konkurransen. Eg er ikkje tilhengjar av proteksjonisme, men håpar sjølvsagt at Vipps overlever dette.

 

PS: Har du sterke meiningar om næringslivet og norsk økonomi? Då tek me gjerne imot eit lesarinnlegg!