Altfor mange unge døyr i trafikken. No krev Senterungdomen krafttak for trafikktryggleik for ungdom.

Ørjan Brattetveit/Avisa Hordaland
Ørjan Brattetveit/Avisa Hordaland

Dette var kampsaken til Hordaland Senterungdom under landsmøtet i Ulvik med helga.

I fjor stod ungdom mellom 16 og 24 år for 30 prosent av dødsulukkene på norske vegar.

– Det er difor naudsynt med tiltak som kan vera med på å redusera ungdomsulukkene på vegane, seier fylkesleiar i Hordaland Senterungdom, Alexander Fosse Andersen.

Tre punkt mot målet
Ungdomspartiet peikar på tre punkt som skal betra tryggleiken.

For det første, meiner senterungdomen, at det er viktig å fremja gode, modne og medvitne sjåførar. Dette ynskjer ein å gjera ved å få køyreopplæring inn i den vidaregåande skulen.

LES SISTE NYTT OM TRAFIKKTRYGGLEIK!

– Slik vil ungdomar få meir og betre kunnskap om trafikk og trafikktryggleik. Samt at køyreopplæringa vert betre tilgjengeleg, seier Fosse Andersen.  Han peikar på at Hjeltnes vidaregåande skule i Ulvik har motteke 100.000 krone til køyreopplæring. No vil senterungdomen at alle vidaregåande skular bør få køyreopplæring.

– Vidare vil me jobba for å få det trafikale grunnkurset inn på ungdomsskulen, slik at elevane tar dette kurset i 10. klasse. På denne måten får all ungdom ei god trafikkopplæring, både som mjuke trafikantar og som framtidige sjåførar, seier fylkesleiaren.

Det tredje tiltaket skal rettast mot helgene.

– Me meiner det er viktig at ungdom skal koma seg trygt heim frå fest. Me må unngå promillekøyring og høg fart. Ordninga «Trygt heim for ein 50-lapp» må vidareutviklast.

Liv Signe på vitjing
150 delegatar og 30 gjester var samla på Brakanes hotell med helga. Senterungdomen fekk m.a. vitjing av partitopp Liv Signe Navarsete.

Under landsmøtet vart Johannes Rindal gjenvalt som leiar, medan Lars Vangen var valt til politisk nestleiar og Andrea Borch vart valt til organisatorisk nestleiar.

LES OGSÅ: Nok er nok – fjern pelssubsidiane!

Fylkeslaget i Hordaland var representert med 13 delegatar. Mellom desse var Jon Sindre Rødland frå Granvin og Anna Lekve frå Ulvik.

Moderpartiet har fått mykje negativ omtale den seinare tida,  m.a. grunna fakturafeil.

– Denne saka har vore veldig uheldig for partiet. Senterungdomen tek avstand frå feila som er gjort. Og me vil jobba med å gjenreisa tilliten til partiet og igjen få fokus på politikken vår, seier Fosse Andersen til Avisa Hordaland.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

 

Kva meiner du er dei mest effektive tiltaka for tryggleik i trafikken?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28
ANNONSE