Forgubbing kan true kommuneøkonomien

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram befolkningsframskrivingar for 2018–2100. Der kjem det mellom anna fram at ein på landsbygda vil oppleve sterkare aldring enn i byane.

– Hovudårsaka er at dei unge flyttar mot byane for å studere, og sidan fleire tar høgare utdanning er det også flest stillingar som krev dette i meir sentrale strøk. Dermed buset dei unge seg sentralt og får borna sine der. Dei eldre flyttar i svært liten grad mellom kommunar – dei blir dermed igjen. Nokre flyttar, men då er det hovudsakeleg til ein meir eigna bustad i kommunen dei allereie bur i, seier Astri Syse, som er seniorforskar i SSB, til Nynorsk pressekontor.

Samanlikna med førre framskriving frå 2016 forventar ein lågare befolkningsvekst. Aukande alder er medverkande årsak til det.

– Vi ventar at det kjem færre arbeidsinnvandrarar. Arbeidsinnvandrarar er generelt betre til å busette seg i distrikta enn andre. Dei har bidratt til folkevekst i mange fylke. No er veksten mindre enn ved førre framskriving i mange fylke som ligg utanfor det sentrale Austlandet. I tillegg er levealderen lagt noko høgare. Det bidrar òg til auka aldring. Fruktbarheita på kort sikt er også lagt lågare, som igjen gir færre barn alle stadar – også i distrikta, seier Syse

Konsekvensar for kommunane

At befolkninga i distrikta blir eldre gjer òg at ein ventar færre yrkesaktive.

– Kommuneøkonomien blir forverra når færre i yrkesaktiv alder bidrar med skatteinntekter. Dette kan påverke førebyggjande helsearbeid og aktivitetstilbod for eldre negativt, fortel Syse.

Syse gav i fjor ut ein rapport basert på tal frå framskrivinga i 2016. Der viste ho til at fylke og kommunar med svak aldring kan få ressurssterke eldre med omsyn til utdanning, økonomi, familieforhold og helse. Medan dei fylka og kommunane med sterk aldring vil få ein større del mindre ressurssterke eldre.

– Dette vil mest sannsynleg også vere tilfelle i dei nye framskrivingane, opplyser Syse.

Skil oss frå resten av Europa

Ifølgje Syse er det venta at aldringa i Noreg på nasjonalt nivå skil seg frå resten av Europa.

– Heile Europa opplever aldring, og i eit europeisk perspektiv er aldringa i Noreg på nasjonalt nivå langt svakere enn det ein ser andre stadar, fortel ho.

Det som er spesielt for Noreg er busettingsmønsteret som skil seg frå det vi ser i andre land.

– I Noreg er det lange avstandar mellom folk og frå tidlegare tider nokså jamn fordeling av befolkninga rundt om i krik og krok. Sidan folk i dei eldre aldersgruppene ikkje flyttar i same grad som elles i Europa eller i USA og Canada, får vi ei distriktsaldring som er svært sterk. Dermed er vi nesten i front i Europa om vi berre ser på aldring i distrikta, avsluttar Syse.