Lektor vil droppe testing og kutte skuletimar

Den siste PISA-undersøkinga avdekte at ein stor del norske elevar ligg på det aller lågaste nivået i både matte, naturfag og lesing. Lektor Simon Malkenes er klar på kva han meiner er løysinga.

NPK – Heidi Molstad Andresen
Publisert

– Resultata frå PISA viser svært alvorlege tal, og eg er spesielt bekymra for den store auken i elevar på dei lågaste nivåa, seier statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap). | Foto: Privat

– Resultata frå PISA viser svært alvorlege tal, og eg er spesielt bekymra for den store auken i elevar på dei lågaste nivåa. Alle elevar skal oppleve læring og meistring og at norsk skule førebur born og unge til vidare utdanning, arbeid og på livet elles, seier statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap).

Den såkalla PISA-undersøkinga har sidan 2000 målt fagnivået i matte, naturfag og lesing hjå 15-åringar i 80 OECD-land kvart fjerde år.

Resultata frå den siste undersøkinga kom før jul i fjor og synte at ein stor del av norske elevar no ligg på det aller lågaste nivået i både matte, naturfag og lesing.

Dette er den dårlegaste skåren Noreg har hatt sidan me vart del av undersøkinga. Resultatskilnaden mellom elevane med høg og låg sosioøkonomisk status er også aukande.

Situasjonen uroar statssekretæren, som svara på e-postspørsmåla me retta direkte til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun:

– På same tid skal me hugse at resultata ikkje måler alt og at det er mykje som går bra i norsk skule og som vi må byggje vidare på. Men me kan heller ikkje oversjå resultat som viser at me ikkje lukkast godt nok med å lære elevane å lese, skrive og rekne, seier Skaar.

– Resultata frå PISA har synt ei negativ utvikling som det er avgjerande at me får snudd. PISA synleggjer og kva land som lukkast med å skape gode læringsresultat eller god utvikling. Så må me vurdere om dette er land det er naturleg å sjå til.

Bør skrotast

Lektor og PhD-stipendiat Simon Malkenes frå Florø meiner på si side at den 90 minutt lange PISA-testen bør skrotast heilt og at han ikkje er noko godt mål på korkje kunnskapsnivået blant elevane eller kvaliteten på den norske skulen:

– I dag er PISA-resultata ein del av det norske kvalitetsvurderingssystemet, på lik line med nasjonale prøver. Dette testsystemet er no grundig evaluert og skal endrast. Eg meiner det mest riktige er å slutte med PISA, seier Malkenes.

Han har skrive fleire bøker om skulepolitikk og jobbar med ein doktorgrad om nettopp kva som har skjedd med den norske skulen etter at me fekk det første Pisa-sjokket i 2001.

Men om dagens skule er organisert for å få best mogleg utteljing på testane, korleis er det i det heile mogleg at resultatet er blitt det stikk motsette?

Lektor og PhD-stipendiat Simon Malkenes meiner vitnemåla til elevane, som dei får rett etter PISA-testinga, er ein betre målestokk på fagnivået deira: – På vitnemålet er alle fag vurderte og like viktige. Vitnemålet gjev eit større bilete enn den augneblinken PISA måler, seier han. | Foto: David Zadig

– Norsk skule har i over tjue år blitt organisert etter OECD-modellen «skuleautonomi med ansvarleggjering» som hevdar å kunne gje eit meir effektivt og høgare presterande utdanningssystem. Han er bygd på idear frå 1980 og -90-talet og har ei rekkje svakheiter. Resultatet er blitt innsnevring av innhaldet i skulen, fallande status til lærarane og overdriven mål- og resultatstyring, hevdar Malkenes.

– Ansvaret for skulen er desentralisert til kommunane, med satsingar på leiing, konkurranse og samanlikning. Staten ansvarleggjer i sin tur kommunane gjennom testbare læreplanar, standardiserte testar, offentleggjering av resultat, tilsyn, evaluering og oppfølging. Tanken er at dette set skulen under press og at alle jobbar og lærar fortare. Det veit me no at ikkje stemmer.

Det første sjokket

For Noreg sin del kom det første PISA-sjokket alt med den aller første målinga i 2000.

Resultata viste at me berre låg midt på snittet blant OECD-landa.

I åra etter annonserte både Arbeidarpartiet, Høgre og SV at Noreg skulle få verdas beste skule. Det vart mellom anna følgt opp med Kunnskapsløftet i 2006, ei storstilt revidering av læreplanane og innføring av nasjonale prøver.

Undervegs er det også blitt lagt til undervisningstimar tilsvarande to ekstra skuleår, og dei fleste av timane er blitt brukt i norsk og matematikk.

Lokalt sjølvstyre

Synnøve Mjeldheim Skaar er usamd i Malkenes si skildring i korleis den norske skulen blir styrt og meiner framstillinga både er forenkla og sett på spissen. Sjølv svarar ho ikkje direkte på om modellen bør eller skal evaluerast, men understrekar at det for regjeringa er viktig at alle endringar som blir gjort i skulen, byggjer på kunnskap.

– «OECD-modellen» er ikkje eit omgrep me brukar eller styrer etter. I Noreg har vi kommunalt sjølvstyre, og det er kommunane som har ansvar for grunnskuleopplæringa. For å sikre alle born rett til god og likeverdig opplæring har me i tillegg nasjonale krav og forventningar til opplæringa i lova, i læreplanverket og andre forskrifter.

– Sjølvsagt må me heile tida ha eit kritisk blikk på styring av skulen. For regjeringa er det viktig at ambisjonar om betre læring ikkje skal komme til uttrykk i form av meir rapportering og detaljkrav. Me skal sette klare mål og gi skuleeigar og dei som arbeider i skulen fagleg handlingsrom til å løyse oppgåvene best mogleg, seier Skaar.

Færre timar

Skaar og Malkenes er likevel samde om at det å auke undervisningsmengda ikkje er vegen å gå. Dei peiker begge på at elevane i dag går to år lengre på skulen enn på 80-talet.

– Me bør heller kutte timar, særleg hjå dei minste, og bruke både dei innsparte ressursane og nye ressursar til fleire lærarar, mindre klassar og fleire lærebøker og andre bøker. Ja, og på leikeapparat, sløydsalar, vatn i symjebassenga, musikkinstrument, velutstyrte skulekjøkken, kunst og handverksutstyr – lista er uendeleg lang, seier Malkenes.

– Å legge til rette for variasjon gjennom fri leik og praktiske fag vil gje ein betre skule for fleire.

Kan flekse

Skaar vil òg at dei eksisterande timane skal bli brukt til meir praktisk, aktiv og variert læring i alle fag, men meiner òg at kvar einskild skule i større grad bør nytte seg av fleksibiliteten som finst i fag- og timefordelinga:

– Ynskjer ein meir undervisning i eitt eller fleire fag, er det rom for det. Fleksibiliteten vart også utvida i den nye opplæringslova som tredde i kraft i haust, seier ho, og viser til at kommunane no kan vedta at inntil ti prosent av timane i eit grunnskulefag blir flytta til andre fag eller brukt til tverrfaglege aktivitetar.

I praksis gjer det det mogleg å omdisponere over 500 timar på 1.–7. trinn, og over 250 timar på 8.–10. trinn.

Statssekretæren skal no sette seg inn i evalueringa av seksårsreforma og vurdera korleis evalueringa skal følgjast opp. Til hausten kjem regjeringa i tillegg med ei ny stortingsmelding om 5.- 10. trinn. I meldinga blir det mellom anna lagt vekt på meir praktisk læring og å styrkje lesing og konsentrasjon gjennom betre balanse mellom bok og skjerm:

– Eg er overtydd om at vi skal klare å snu den negative utviklinga. Kjernen for å lykkast med betre læring, er å styrkje meistring og motivasjon hos elevane. Vi har allereie fått mobilen ut av klasseromma og skulegarden, gjennomfører ei lesesatsing og har løyvd pengar til fleire fysiske lærebøker i skulen. Regjeringa har òg tatt grep for å styrkje autoriteten til læraren i klasserommet, påpeiker Skaar.

Simon Malkenes meiner derimot det er sjølve styringsmodellen som no bør under lupa.

– OECD-modellen må evaluerast, slik ein har gjort med både seksårsreforma og testsystemet. For det er ingen tvil om at modellen må endrast. Han funkar ikkje.