Bokgåve skal hjelpa Sunnfjord-elevar til å halda på nynorsk
Med ei bok med 18 forteljingar om Sunnfjord håpar lokale mållag og Selja forlag å inspirera ungdom til å vera stolte av bakgrunnen sin og halda på nynorsken og dialekten sin.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Reis ut i verda, men hald på dialekten din og nynorsken – og kom gjerne heim til slutt.
Det var oppmodinga frå Sogn og Fjordane Mållag, Førde Mållag, Jølster Mållag, Naustdal Mållag og Selja forlag, då dei delte ut boka “Ete fysst. 18 forteljingar om Sunnfjord” til 700 avgangselevar ved fire vidaregåande skular i Sunnfjord, fortel initiativtakarane i ei pressemelding.
Samarbeid mellom 18 forfattarar
Boka har blitt til etter at 18 forfattarar og skribentar med tilknyting til Sunnfjord blei utfordra til å skriva ein personleg tekst ut frå stikkordet «Sunnfjord».
Blant bidragsytarane finn ein både kjende forfattarar, journalistar, teaterfolk og andre kjende kunstnarar.
Dei 18 bidragsytarane er: Gunnar Garfors, Heidi Hattestein, Terje Hellesen, Agnete Haaland, Marita Liabø, Idun Losnegård, Eldrid Lunden, Vidar Nupen, Hans Sande, Katrine Sele, Gunnar Staalesen, Rune Timberlid, Jorunn Torsheim, Fridtjov Urdal, Maria Tryti Vennerød, Sissel Værøyvik, Ole Johannes Øvretveit og Ronny Brede Aase.
- Les også: Jon Fosse kjem med nytt storverk