Torsdag 21. juni er årets lengste dag

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 24.06.2018 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 21. juni klokka 12.07 stod sola så langt mot nord som ho maksimalt gjer i løpet av året. Sjølv om det no blir kortare dagar, kjem den beste sommarvarmen ofte ei stund etter sommarsolkverv. Det skriv Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard i ei pressemelding frå Astroevents.

Skrå jordakse

At vi har årstider skyldast at jordaksa heller. Vinkelen er for tida på 23,5 grader og endrar seg veldig langsamt over ein periode på 41 000 år.

Årstidane til jorda. Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i pilenes retning) vårjamndøgn, sommarsolkerv (lengst til venstre) og høstjamndøgn (nærmast oss).
Illustrasjon: Wikipedia

For tida rettar aksen seg opp slik at polarsirkelen frå år til år flyttar seg litt nordover. I tillegg roterer Jorda rundt si eiga akse, og i løpet av året flyttar den skråstilte jordkloda seg ein gong rundt Sola. I eit visst punkt i banen vender Jorda si nordlege halvkule maksimalt mot Sola, forklarer Sannes og Røed Ødegaard i pressemeldinga.

Sett frå nordlege bredder når Sola da sin høgaste posisjon på himmelen gjennom året, og dette inntreffer torsdag 21. juni. På sydlege bredder står Sola samtidig på sitt lågaste slik at det der blir vintersolkverv.

Ved sommarsolkverv når midnattssola sitt sydlegaste punkt, til polarsirkelen. Sidan polarsirkelen kvart år flyttar seg rundt 14 meter nordover, ligg Polarsirkelsenteret og merka for polarsirkelen i Nordland litt sør for den eigentlege polarsirkelen.

Avlang bane påverkar årstidene

Jordas bane rundt Sola er ikkje heilt sirkulær, og Jordas avstand frå Sola varierer også litt i løpet av året. Jorda er nærmast Sola i byrjinga av januar, noko som gjer vintrane på nordlege bredder mildare og vintrane på sydlege bredder kaldare enn dei ellers ville vore.

Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard forklarer kvifor vi har lange og korte dagar. Foto: Astroevents

Til gjengjeld får den nordlege halvkula ikkje så varme somrar sidan jorda er lengst unna sola i byrjinga av juli (i år den 6. juli).

Fordi det tar lang tid for land, luft og hav å bli varma opp, er den varmaste perioden som regel ei stund etter sommersolkverv.

Av same årsak har vi oftast kaldast vinterver ei stund etter vintersolkverv, rundt 21. desember, skriv Sannes og Røed Ødegaard i Astroevents.

Umerkeleg endring

Den første tida etter sommersolkverv endrast lengda på dagane ganske lite og minkar kun med få minutt fram mot månadsskiftet. Så blir det gradvis kortare dagar og nettene blir merkbart mørkare.