Valeksperiment på SMS totalfloppa

30.000 telefonar og nær 200.000 SMS-ar klarte ikkje å få nye, unge veljarar til urnene. Forsøket hadde null effekt, viser fersk rapport.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før stortingsvalet i fjor vart det testa fleire metodar for å få fleire unge til å stemme. Det vart sendt ut tekstmelding til 180.000 tilfeldig trekte røysteføre, som oppfordra og minna folk om å stemme. Valdeltakinga i gruppa som fekk SMS, auka med beskjedne 0,2 prosentpoeng, skriv Dagsavisen.

I regi av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) ringde også 35 førstegongsveljarar til 30.000 unge, av dei tok 7.000 tok telefonen. Desse telefonane hadde heller ingen effekt.

Det kjem fram i ISF-rapporten « Voter Mobilisation in a High-Turnout Context – Get Out the Vote Experiments in the 2017 Norwegian Parliamentary Election »

I 2015 vart eit tilsvarande eksperimentet gjennomført med stor suksess. Då auka SMS-ane valdeltakinga blant dei under 30 år med nær fem prosentpoeng

– Kan svekkje legitimiteten til våre valde politikarar

Heimesitjarane er særleg unge veljarar, veljarar med innvandrarbakgrunn og dei utan høgare utdanning, forklarar valgforsker Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning (ISF).

– Desse store ulikskapane er problematiske både fordi desse gruppene i mindre grad blir høyrde, og fordi låg valdeltaking i desse gruppene på lang sikt kan svekkje legitimiteten til våre valde politikarar og tilliten til demokratiet, seier Bergh.

Valforskaren peikar på forskjellen i valdeltaking mellom lokalval og stortingsval for å forklare at eksperimentet ikkje gav betre resultat. Valdeltakinga er låg (60 prosent i 2015) ved lokalval, mens den er relativt høg ved stortingsval (78 prosent i 2017).